Tag Archives: #2kyo

Olympisk papirmølle er ingen leik

I skrivande stund pågår opningsseremonien til OL her i Tokyo – utan publikum – og med IOC-presidenten talande med munnbind. Det er talande i seg sjølv.

Sjølv utan dei enorme mengdene folk på tribunene ein ville hatt normalt, er det ganske åpenbart at ein allerede komplisert OL-operasjon ikkje er blitt mindre utfordrande i pandemitid. Det fekk TV 2s team merke på kroppen.

På toppen av arenaer, akkrediteringar, sikkerhet, infrastruktur og transport for dei titusenvis involvert i leikane kjem koronareglar. Ikkje noko nytt når vi skriver juli 2021, men i verdens største idrettsarrangement blir det gjort i ein skala som aldri før.

Med eit lite vaksinert Japan og eit Tokyo i unntakstilstand på grunn av Delta-varianten er det kome stadig fleire påpakningar frå styresmaktene: Papir må utfyllast, dokumentasjon som må visast og skal innfriast. Ingen skal tvile på at ein byråkratisk gjer alt for å sikre mot ytterlegare koronasmitte som direkte følgje av OL. Nokre av reglane er strenge, men forståelige – andre verkar å vere mest for å vise at: «Sjå, vi gjorde alt – fleire gongar!» Det kjennast som ein har gjort ting unødig vanskelig.

Arrangøren innrømmer også i ein e-post til oss at det har blitt for mykje for dei å kome gjennom alt. Det etter opplevelsen vi delte med fleire andre ved innreise.

Vi var blant dei uheldige som satt ti timar på flyplassen Haneda i Tokyo, før vi på nåde fekk inngang i Japan. Saman med oss satt det svenske nyhetsbyrået TT, eit par journalistar frå Færøyene, ein frå eit engelsk mediehus og nokre frå Spania. Vi veit at andre har lidd samme skjebne tidlegare dagar, og at det ikkje handlar om at ein har gjort noko feil.

I time seks av ti på Haneda. Fleire i ferd med å få knekken.

Problema var ulike, men knytta seg i dei fleste tilfeller til at eit dokument innsendt for månadsvis sidan no skulle godkjennast kjapt når dei fekk ID-en vår. For nokre gikk det på minutter, for andre tok det timar. Den spanske journalisten ved sidan av oss hadde to punkt i planen det var snakk om. Likevel tok det altså over ein heil arbeidsdag – etter 15 timars reise.

Dei frivillige var nærast parodig vennlige og unnskyldande. Men dei var også myndige då dei sa nei. Ingen fekk gå vidare før alt gjekk i orden, men kva som foregikk og kva som var problemet visste dei ikkje. Eller kunne få nokon til å svare på.

For oss kom aldri bekreftelsen på at alt var greit. I staden fekk vi ein mail dagen derpå om at ein no berre kunne begynne å bevege seg dit ein skulle. Ein quick-fix med ein beklagelse om at det hadde blitt for mykje å gjere fulgte med.

Alt kan verke under OL-kontroll. Slik er det altså ikkje heilt.

Det kjem uansett ikkje til å bety noko, så lenge det ikkje blir eit virkelig stort koronautbrudd. Innreisetrøbbel for ein del presse til tross: Etter ein dag er førsteinntrykket at i det store bildet verkar til å gå ganske greit med det meste – sjølv om transport tar tid. Motstanden og misnøyen med at OL arrangerast kan ikkje merkast i det daglige, sjølv med spede protestar i kveld. Kanskje er det berre japansk høflighet, kanskje er det berre fordi vi kan reise til stader innafor «OL-bobla» som slår sprekker med over hundre positive koronatilfeller.

Det er ikkje rart at ein medieorganisasjon med fire akkrediteringar ikkje står høgast på prioriteringslista til IOC og Tokyo 2020. For utøvarane har nok innreisa i hovudsak foregått enklare. Dei er naturlig nok høgare på den lista.

Det er nok å tenke på også for dei. For også dei må gjennom den olympiske papirmølla. Vel framme: GPS-sporing, dagleg helserapport, koronaprøver, temperaturmåling ved arena og munnbind overalt. Virkelig overalt. Karoline Bjerkeli Grøvdal reagerer på at utøvarar må springe med munnbind på tredemøller i OL-landsbyen. Lett å forstå. Dei slepper i konkurranse.

Ingen heiing tillatt i Tokyo. FOTO: Martin BERNETTI / AFP

Truslane om sanksjonar om du bryter reglane er heile tida der. Foreløpig er det vel dei som ikkje har gjort noko feil som blir straffa hardast. Blant våre kolleger måtte store delar av BBC Skottlands team må i isolasjon i 14 dagar, altså nesten heile OL, fordi dei var nærkontakt med ein koronasmitta på eit fly. Fleire andre journalistar måtte det same. Då blir vårt eine døgn med tapt arbeid ubetydelig.

Den britiske hinderløparen Zak Seddon lider også i isolasjon. Etter ei veke og elleve negative koronatestar er den dobbelt-vaksinerte Seddon framleis isolert og får ikkje trene. Med ei drøy veke igjen til sitt viktigaste løp nokonsinne. Reglar er reglar.

Eg trur faktisk eg kan forestille meg kor frustrerande det er.

Antall visninger