Russisk tortur og seks andre OL-flauser

OL i Tokyo nærmar seg slutten og ein kan oppsummere og sjå tilbake. Eg vil nytte anledninga til å tenke litt på dei det ikkje gjekk så godt for. I eit OL er det alltid færre som vinn enn som tapar, men nokon tapar litt meir spektakulært enn andre. Det er også synlig frå tribuneplass.

I TÅRER: Anna Sen. REUTERS/Siphiwe Sibeko

For dei norske handballjentene blei det oppreisning i bronsefinalen etter at tårene flomma påfølgande semifinale-tapet mot utøverane som representerer Russlands olympiske komité. Men også den kvelden var det ei jente som grein meir.

Ho feltene tårene først fordi ho var lei seg og seinare kanskje fordi ho var litt redd. Ho grein fordi ho trudde ho hadde øydelagd for laget. Seinare grein ho av glede og av lettelse. Ho var kledd i dei russiske fargane og heiter Anna Sen.

Sen fekk direkte raudt kort då ho sette strake armar i ansiktet på Nora Mørk. Ho visste umiddelbart kva ho hadde gjort. Forsvarskjempen gikk rett ut mot benken, som for å vise at ho var ein angrande syndar. Ho visste kva som var i gjerde og håpa at å innrømme skuld skulle gi straffereduksjon. At ein tominutter skulle halde.

Dei skarpt kritiserte dommersøstrene Bonaventura viste imidlertid ingen nåde.

Dette skjedde i det 14. speleminutt. Derfrå og ut grein, hulka eller deppa Anna Sen samanhengande til kampen var slutt. I ein drøy time inkludert pausen. Og det som gjorde det verre var at ho ikkje fekk gå i garderoben, men måtte sitte på ein pinnestol bak det russiske målet heile tida. Åleine.

Russerane sin nummer åtte satt med hovudet nedgrave i sin eigen genser og orka knapt sjå på kampen. Då ho såg opp kunne ein sjå tårene trillene. Undervegs var det ikkje ein einaste jubel, ein knytta neve eller eit lite smil. Mens lagvenninnene herja med norske stjerner sat ho der i bunnlaus fortvilelse.

Det var russisk tortur i 60 minutter med vekta av heile den russiske bjørnen på skuldrene.

Først då sigeren var sikra kunne Sen sleppe jubelen laus og våge seg ut på bana igjen. Der falt ho ned på kne, mens tårene trilla. No var det bitre bytta ut med søte. Lagvenninner kunne gi ho ein klem og då ho vandra forbi pressen var det med eit stort smil, tårevåte kinn og lette steg.

JUBEL: Finaleplassen er et faktum.  REUTERS/Siphiwe Sibeko

No var det i staden den russisk bjørnen som bar ho. Ikkje alle kan reddast av lagkameratane.

Det blir nokre gåsehudaugneblink i løpet av eit OL. I disse leikane har eg vore ein av dei få privilegerte som har fått sett noko av det største med eigne auge. Andre har eg kun fått med meg via skjerm.

Jakob Ingebrigtsen, Kristian Blummenfelt, Karsten Warholm, Eivind Henriksen og sandvolleybutta har gjeve meg frysningar med norske undertonar. Sydney McLaughlin, Ariarne Titmus, Tom Daley og Sifan Hassan blant dei internasjonale prestasjonane som har fått håra til å reise seg.

Men det blir også nokre augneblink som får det til å gå kaldt nedover ryggen på ein. Stunder då nokre av verdas beste idrettsutøvarar får spolert sine sjansar av tabber som ein ikkje kan forklare. Tusenvis av treningstimar blir spylt ned i eit høgteknologisk Tokyo-klosett på grunn av ein liten feil eller noko utanfor utøvarens kontroll.

Her er seks tilfeller av Tokyo-olympiske flauser.

Det er nesten som ein ikkje trur det ein ser når det amerikanske stafettlaget på 4×100 meter tabbar seg ut i vekslinga. Igjen. Fred Kerley skulle gi stafettpinnen bokstavelig talt vidare til Ronnie Baker då dei kølar det til. Det er opprørsstemning i USA etter nok en fiasko for amerikanske sprintarar og gamle legender er ikkje nådig. Carl Lewis seier det amerikanske laget «gjorde alt feil», mens Michael Johnson kallar det elendig og flaut. Han har eit råd: Stafettvekslingar må trenast på. Ein skulle tru at det var unødig å sei til desse topputøvarane.

Slik skal det ikkje sjå ut.  FOTO: EPA/DIEGO AZUBEL

Også i ein anna amerikansk stafett, i ein anna sport der USA tradisjonelt dominerer, blei det gjort ei generaltabbe. Lydia Jacoby, som smått sensasjonelt blei olympisk mester på 100 meter bryst, fikk trøbbel med brillene sine på si etappe på 4×100 meter medley for blanda lag. Det ser komisk ut, og er virkelig amatørenes aften, når du svømmer med brillene i munnen. Det skal rett og slett ikkje skje, aller minst i ein OL-finale. Så veit alle som har svømt at det skjer også dei som ikkje er den beste. *host* NM 2009 *host*. Jacoby svømte saktare på laget enn ho gjorde individuelt, nærast uhørt med flygande start.. Laget endte på femteplass, langt bak medaljekravet som stillast til einkvar svømmestafett i USA.

Slik skal det ikkje sjå ut. FOTO: Oli SCARFF / AFP)

Eg skreiv om Ingebrigtsen-rival Marcin Lewandowski som var smart då han tok seg til semifinale på 1500-meteren etter å ha falt. Lewandowski blei bedømt til ikkje å ha skuld i fallet sjølv, og når han då jogga i mål fekk han ein ny sjanse trass i at han var over minuttet bak i mål. Abdirahman Saeed Hassan fra Qatar blei regelrett spent krok på i same heat, men var ikkje like snartenkt. Han braut løpet og gjekk dermed glipp av sjansen til å springe i semifinalen. Det høyrer med til historia at Lewandowski pådro seg ei skade i semifinalen og fekk ein anna karriereslutt enn han hadde sett for seg.

Ein feil og ein rett. FOTO: REUTERS/Andrew Boyers

Amalie Iuel fekk heile stadion til å bryte ut i fortvilelse då ho tjuvstarta i semifinalen på 400 meter hekk. Det er utrulig at så få menneske på eit stadion som kan romme 68.000 kan sukke så høgt. Ho var sjølv ærlig på at slike ting skal rett og slett ikkje skje, og at det er utrulig lite å tjene på tjuvstart på en 400 meter hekk. Leif Olav Alnes meinte det var ein stor prestasjon at eleven klarte å snakke seg til å springe under protest, men med hovudet ein anna plass blei det eit fiaskoløp for Iuel. Forståelig at ho syns det er bittert.

Fortvila Amalie Iuel. REUTERS/Dylan Martinez

Enkelte tabber er nesten så du ikkje trur det er mulig når du høyrer det. Ukrainske Sergej Kulisj låg på tredjeplass i heilmatch-finalen då han trekte av og traff… konkurrenten si skive. Kulisj fekk sjølvsagt null og rauk frå bronse- til sisteplass i finalen der Jon Hermann Hegg tok den tredje norske fjerdeplassen i skyting i leikane. Kven skyt på nokon andre si skive, spurte mannen ranka som nummer to i verden retorisk etterpå? Hans svar: «Berre folk som meg».

Her går det opp for Kulisj hva som har skjedd.  Foto: Heiko Junge / NTB

Apropos null poeng: Stuparen Pamela Ware frå Canada satsa stort, men bomma på avsatsen og havna i vatnet med beina først. Ikkje heilt heldig i ein olympisk stupekonkurranse der Ware ikkje mangla ambisjonar. Med bronsemedalje i VM på tremeteren frå tidlegare, skulle 27-åringen prøve på OL-finalens vanskelegaste stup då det gjekk gale. Kommentatoren på den internasjonale feeden gjekk fort frå: «Dette kan bli spektakulært!» til «Det er eit totalt mislykka stup». Vanskelig å vere ueinig.

Slik skal det ikkje sjå ut. REUTERS/Carl Recine

Det er heldigvis mykje kraft i enorme nedturar.

Pamela Ware varsler allereie at dette ikkje skal knekke ho. Amalie Iuel satsar også mot OL i Paris. For Lydia Jacoby var det eit mindre tilbakeslag i eit elles strålande OL og for amerikansk herresprint var det berre eit nytt hakk i ei allereie sur plate.