Dorothea. Du har heilt rett

Dei siste dagane har vi brukt litt av våre nøye tilmålte intervjutid på arenaane til å spørre dei norske langrennsløparane om kva dei syns om OL i Beijing, og korleis det skal bli å kome heim.

Det har stort sett gitt ganske like svar:

Det skal bli enormt godt å kome heim, men det har vore mykje bra med dette OL, egentlig. Det trur eg er fordi forventningsbuen var spent veldig lavt og at ein var førebudd på ein gjennomregulert og maskin-messig kvardag.

Johannes Høsflot Klæbo gler seg til en digg dag heime før han skal ut til nye renn i verdenscupen og seier:

«Eg har stort sett vore på rommet eller i matsalen. Eg syns det har vore greit. Eg har fått gå konkurransar, som har vore fine og rettferdige.»

MATEN: Det skal godt gjerast å finne hår i suppa her. Foto: Sander Smørdal.

Han legger til at noko juleferie i Zhangjiakou, det blir det ikkje. Trippel gullmedaljør Therese Johaug er kort og godt imponert.

«Det har jo vore eit spesielt OL, men eg syns på ein måte det har vore heilt fantastisk. Arrangøren og all organisering har vore heilt rått. Alle har stått på pinne til ei kvar tid».

Men også ho gler seg til å kome heim til Nils Jakob og co.

Ragnhild Haga seier det er den mest ekstreme bobla ho har opplevd, mens Sjur Røthe meiner det er ekstremt bra arrangert med tanke på smitte.

Begge deler er det lett å vere einig i. Om ein kun isolert sett ser på smittefare, så kan det nok vanskeleg gjerast bedre. Det vil nesten være umulig å bli sjuk i det heile her, trass 20 minusgrader og kraftig vind. Bakterier og virus har ekstremt dårlige levevilkår på alle flater som vaskast, klorast og desinfiserast konstant av dei etterkvart så omtalte månemenn.

Sjølv om somme av desse har vist seg som svært trivelige folk, er deira nærver også blant det som har vore med på å gjere det smått utrivelig.

Den italienske skiskytterstjerna Dorothea Wierer uttalte etter den avsluttande skiskytingstafetten at det ikkje har vore den beste staden å ha OL, og at ho ikkje kjem til å savne det.

Ho har sjølvsagt heilt rett.

For verken Kina generelt, eller Beijing og Zhangjiakou spesielt, er den ideelle staden for å ha olympiske leikar. Ikkje i utgangspunktet og spesielt ikkje under ein pandemi der landet er blant dei strengaste, mens resten av verdens slepper opp.

For sjølv om eg syns det sportslige og arbeidet i seg sjølv har vore interessant, somme av konkurransane til og med enormt spennande og dramatiske, har den olympiske opplevelsen på alle andre måtar vore iskald. Både fysisk og mentalt.

KALDT: Det har til tider vore ein kald fornøyelse å følgje utøverane.

For det første skal dei beste vere på start og ha like konkurransevilkår.

For det andre skal ikkje OL i mitt hovud vere sterilt, totalregulert og utan kjensler utanfor arenaen. Det skal ikkje vere «Du kan ta denne, og kun denne, bussen til arenaen. Når øvelsen er over må du ta denne, og kun denne, bussen tilbake til hotellet.»

For det tredje: Sjølv om leikane uansett arrangørnasjon alltid er som ein Instagram-feed der ein kun viser fram glansbildene, er det påfallande når alt av det «fine» er kunstig og tilgjort. Som flekkar av kunstsnø i fjellsidene og millionvis av nyplanta trær som må holdast oppe av rekkverk. Sjølv stadionlyden på langrennsarenaen var fake.

Så no når eg har fått beviset på den siste negative testen, PCR-test nummer 20 på 20 dagar, trekker eg eit lettelsens sukk.

GOD MORGEN: Desse to har møtt meg kvar morgon. Foto: Sander Smørdal.