Overraskinga som ikkje burde overraske

«Kor er alle helter hen, stå opp igjen, kombinertgutta kom tilbake.»

Det skreiv eg i eit Instagram-innlegg første arbeidsdag etter OL i Sotsji i 2014.

Biletet viste veggen med TV-skjermar i TV 2s gamle lokaler på Nøstet i Bergen. Der det i 16 dagar hadde rulla og gått med levande idrettsbilder, var det no enten svarte skjermar eller prøvebilder med «colorbar».

Den gongen hadde eg jobba på desken under leikane og fulgt det heile på ein heilt anna måte enn eg gjer denne gongen.

Likevel er kjensla forsvinnande lik. Beijing-OL 2022 er blitt eit stort olympisk déjà vu.

Jørgen Graabak har vunne gull både indviduelt og i lagkonkurransen og kombinert er OLs største gledelige overrasking. I alle fall av det eg har jobba med her nede.

SOTSJI: Jørgen Graabak kunne glise for gull i 2014 også. Foto: NTB.

Eg veit at kombinert ikkje er verdas største idrett. Sjølv utøvarane flirer litt når den frittalande sjefen Ivar Stuan lanserer Jørgen Graabak som årets mannlege idrettsutøvar på Idrettsgallaen, trass i at nominasjonen vel er bankers som tidenes mestvinnande kombinertutøvar i eit OL.

Og eg er den første til å innrømme at kombinert ikkje er det eg følger tettast til daglig. Og det er vel sjeldan det er slikt eit «sirkus», for å låne Ivar Stuan sitt ord, utanom når det er OL. For enkelte idrettar er OL alfa og omega. Kombinert er ein av dei, sjølv om nevnte Stuan meinte etter løpet at no måtte TV 2 kome seg på meir verdenscup også.

Idrett handlar om underholdning. Då er det få som har levert bedre enn kombinertrenna her i Zhangjiakou. Frå Jørgen Graabaks utrulige sisterundar, via Jarl Magnus Riibers ufrivillige ekstrarunde, til lagkonkurransen Norge vant suverent etter covid-ramma Eric Frenzels kollaps på sin skrekkrunde.

GULLGUTTER: Espen Bjørnstad, Espen Andersen, Jens Lurås Oftebro og Jørgen Graabak. Foto: NTB.

Idrett handlar om historier. Då er det få som har levert bedre, eller var det verre, enn det norske kombinertlandslaget her i Zhangjiakou.

Det har vore mykje bråk i langrennsleiren, men er det eit landslag som virkelig har fått prøvd seg i forkant og underveis i OL, så er det kombinert. Nærkontakter, positive testar, isolasjon og fleire nærkontakter.

Jarl Magnus Riiber kunne fort ha blitt ei mirakelhistorie, men blei i stedet ei tragisk fortelling om den beste, men mest uheldige. Han som satt på flyet heim då lagkompisane gjekk inn til gull. Når ein såg kor Frenzels kollaps, forteller det kor klok verdseinarens avgjerd om å reise heim faktisk var.

Reserven Espen Bjørnstad, som mista plassen på laget då Riiber blei klarert til storbakken, fekk tidlig beskjed av Riiber sjølv om at han skulle gå lagkonkurransen. Der leverte 28-åringen kanskje over evne og grein sine modige tårer for eit uventa gull.

Jørgen Graabak er OL-kongen no, men fekk før løpa meir spørsmål, også av underteikna, om Riiber og kaoset der, enn om sine eigne sjansar. Han har svart på dei med like stoisk ro som han handterte sisteetappen i lagkonkurransen, og heldigvis ikkje med samme intensitet som på sisterundane i dei individuelle konkurransene.

Det gjorde noko med meg, då eg tidlig i leikane snakka med ein 21 år gamal OL-debutant som sukka at han «trudde OL skulle vere kjekt». For det trudde eg og. Jens Lurås Oftebro var den einaste som ikkje var i isolasjon eller karantene og blei på den måten sjølv isolert frå sine lagkameratar – som den einaste som trente i den verkelege OL-løypa.

Han fortalte åpent om at det var ensomt og vanskelig i OL-byen, og at han støtta frå trenarane var uvurderlig.

Det gjer også noko med ein når den same 21-åringen ei drøy veke seinare står med eit olympisk sølv og eit olympisk gull. Ikkje rart smilet går rundt for mannen som i praksis avgjorde kombinertstafetten med ei fantastisk 3. etappe.

«Joda, nå er OL gøy!»

NO ER DET GØY: OL i Beijing tok seg verkeleg opp etter kvart skal ein tru Jens Lurås Oftebro. Foto: NTB.