Hva er din all-time favoritt TV-serie?

Friends

Og hvis du er HELT ærlig?

Veronica Mars

Hva er ditt favoritt TV-øyeblikk?

Da Marte Bratberg åt heile den rå fisken i Kompani Lauritzen utan å sløye den først.

Ser på nå:

Her er noko av det eg ser på eller har sett nylig som eg anbefalar: Des, Love Life, High Fidelity, Schitt’s Creek, Filthy Rich, Being 29, Keeping up with the Kardashians, Farmen, Funkyfam. Også The Undoing på HBO og The Crown på Netflix.

Hvilke Sumo-serier anbefaler du?

Hjerteslag

Serien følger Mio som opplever mange single sitt mareritt – å bli gravid etter ein one night stand. Mio er usikker på om ho skal ta abort eller beholde barnet, og støttar seg på den kommande pappaen (?) Anders. Dei to utviklar etterkvart eit forhold, og i to (snart tre) sesongar kan vi følge dei utfordringane det innebærer å bli kjent på den måten dei har gjort.

Fine og flinke skodespelarar, bra musikk, korte episodar og masse romantikk.

Outcry

Dette er virkelig ein anbefaling i den heilt andre enden av underholdningsskalaen. Outcry er ein true crime-dokumentarserie som tar opp det superkontroversielle spørsmålet om ein alltid skal tru på barn som forteller om overgrep. Det openbare svaret vil kanskje vere ja, men likevel kan det oppstå tvil når ein i denne serien ser intervjuer med det unge fotballtalentet Greg som har fått livet øydelagt etter å ha blitt anklaga for å stå bak eit overgrep mot ein 4 år gamal gut.

Eg likar seriar med historiar frå verkelegheita. Denne er godt laga med mange intervju som er med på å løfte historien. Virkelig ein serie som ein blir oppslukt av og som får deg til å rope til tv-en “korleis er dette mogleg??”