Jabulani-panikk på gatene i Johannesburg

Kva er no dette? Spelarane ser ut til å ha fått kontroll på VM-ballen, dei bøttar inn med mål, keeperane har slutta å dumme seg ut, og dette liknar mistenkelig på fotball igjen. Fifa er samla til krisemøte, kva skal dei gjøre? Skal dei endre på ballen midt i turneringa? Ballen som vingla så vedunderlig gjennom lufta, han flakka som ein utakknemlig tenåring.

Nei, dette går ikkje. Fifa er livredde no, første del av turneringa gikk heilt etter planen. Alle har diskutert ballen. Det har vore for og imot. Det eine Jabulani-offeret etter det andre har stått fram med si historie. I tillegg har Fifa fått ei hjelpande hand frå det franske landslaget med sin eminente trenar og sine sjarmerande spelarar.

Alt under kontroll. Men no verkar ikkje den helsikes Jabulani-ballen lenger som perfekt avleiingsmanøver. Med rundt 200.000 journalistar i Sør-Afrika, er det bare eit tidsspørsmål før ein eller annan dust kjem på å skrive kritisk om Fifa. Om bonusar, skakkjørt økonomi, tvilsame bodrundar, stemmetrigging og oppumpa rekneskap.

Hemmelig videokonferanse med forskarane frå Loughborough University i England: Kva kan vi gjøre for å få ballen til å flakke endå meir? Kan vi putte noko drit inn i kvar ball slik at han går skikkelig skeivt? Er det mulig å lage ein meir oval ball slik at han blir heilt spinnvill og Fabiano igjen tar til å snakke om den forheksa ballen i staden for å skåre?

Aaa, så irriterande. Kva med ein ball som tenker sjølv? Kva med ein usynlig ball som keeperane ikkje ser? Kva med ein ball som er firkanta? Nei, det er jo sant, firkanta ball skal vi introdusere i Brasil i 2014. Nei, det vi gjorde feil, var at laga fikk spele altfor lenge med Jabulani før VM. No har dei tatt teikninga.

Neste gong presenterer vi den offisielle VM-ballen rett før nasjonalsongane, slik at alle laga blir heilt forvirra. Ein ny ball for kvar kamp. Ein firkanta ball, ein sekskanta, ein avlang, ein som liknar nasen til Sepp Blatter. Ja, det er moro! Kva med å lage ein veldig ujamn bane? Det også er moro! Eller få dommarane til å takle spelarane? Kjempeidé!

Men kva gjør vi no? Har vi ingen plan B? Har nokon nummeret til Raymond Domenech? Det er han vi må stole på no. Frankrike spelar i morgon. Flott. Då er vi redda i morgon i alle fall. Du kan alltid stole på Domenech. Ring og be Domenech koke saman nokre overskrifter. Så finn vi på noko djevelskap med ballen. Kva med å pumpe bare litt luft i?