Forføraren. Sjølvbiografi (del 2)

Mitt namn er Diego Armando Maradona. Eg har mønstra på M/F Argentina som ein dekksgut med for stor dress. Eg skal forføre heile Sør-Afrika og halve verda.

Eg kjem ut av spelartunnelen. Eg er eit ekorn med skjegg. Eg har nettopp gått av vekta. Eg vegar mine 100 kilo. Eg elskar fotball.

Sør-Korea ventar. Eg vurderer å spele med ni mann framme og éin mann bak. Verda er full av forsvarsspelarar. Stramme firarar, offsidefeller, røffe taklingar. Bare det å drible er ordentlig lykke.

Gutane mine spelar stødig, som om dei driv med trådlaus telegrafi.

Dei seier at Maradona har to hjernehalvdelar. I venstre hjernehalvdel finst kun fotball. I høgre hjernehalvdel er det heilt tomt. Dei tar feil. I min venstre hjernehalvdel finst det kun fotball. I min høgre hjernehalvdel finst det også kun fotball.

Sør-Korea skårar i eige nett. Også koreanarane elskar Maradona.

To-null. Eg tileignar dette målet alle barmennene i Buenos Aires. Det er til gauchoene og horene. Iguanakolonien og tangodansarane. Kjøkkensjefane og vaskekonene. Gatefeiarane og bussjåførane. Alle bandittane. 40 millionar svarte stutar som rautar.

Pelé hører heime på museum. Maradona tar ballen på hælen.

Ugjerningsmenn har stjåle fotballen. Dei rike syltetøyfabrikantane har gjort fotballen til ein børs. Eg er ugjerningsmannen som skal stjele fotballen tilbake. Eg takkar for kvar dag eg slepp å slikke Sepp Blatters rumpeballar.

Pause. Demichelis forærer koreanarane eit mål. Såpass raus må Argentina vere. Vi har ein heil omgang igjen med kjærleik.

Det finst luft. Det finst vind. Og så finst det Lionel Messi.

Lionel Messi driblar slik ein skriv ein roman på 500 sider. Utan å bli trøytt. Overlegent. Lett. Ei vakker, sober dribling. Lionel Messi. I ein alder av 49 er eg blitt far igjen.

Eg sover alltid for opent vindauge. Eg sover aldri som ein einslig mann.

Her kjem nummer tre. Messi, Agüero og Higuaín kler Sør-Korea kliss naken. Eg tenker at det er vakkert slik. Argentina er den nye poesien.

Argentina 4 – Sør-Korea 1. Dette gråskjegget kan bli til gull.

Eg løftar mine spelarar, som om dei er nyfødte og netopp er blitt døpt av Papa. Maradona trekker seg no tilbake til sin luksusdo med oppvarma sete. Det kjem til å bli ei lang natt. Stjernene smeltar som sukker, og Hans Eksellense har plenty med papir til å tørke seg med.