Gløm David Villa, gløm Arjen Robben. Kutt ut preiket om toppskårar, drit i kven som vann gullballen. VMs største helt er Jesus Navas. I kveld løfta spanjolen pokalen nede i Johannesburg. På sin første verkelig lange tur heimanfrå, blei han verdsmeister.
Eg lover: Dette er ei rørande historie. Men kvar skal vi byrje? Kanskje kan vi ta til i småbyen Los Palacios y Villagranca i Andalusia. Ein liten gut som blir løfta opp i lufta av faren. Hans første flytur, hengande i den lune vinden, faren under han, guten i himmelen, sky etter sky som siglar imot. Men guten skrik. Han vil ned igjen, ned på trygg grunn.
Ein gong må gutar bli menn, reise frå det første rommet, halde fram ut i verda der alt opnar seg. Mennesket har i seg ei lyst til å erobre verda, omfamne det framande. Det er imidlertid ikkje like lett for alle. Det finst dei som bare vil vere heime, dei vil bli verande i senga, dei vil vere på det første rommet, eller ta første fly heim om dei er på bortebane.
Jesus Navas var ein slik gut, ein tynn, hengslete gut som helst ville vere heime og spele fotball. Han var eit stort balltalent, teknisk, driblesterk, uthaldande. Men om han var fryktlaus på fotballbanen, var han fylt med frykt om han måtte reise bort. Kronisk heimlengt er ein sjukdom som lammar heile kroppen: motorisk, kognitivt, emosjonelt.
Navas sitt balltalent har fått han til å drible seg fram i La Liga. Denne sesongen har han vore forrykande god for FC Sevilla. Klubben har lykkast med å dempe angsten ved å ta spesielle omsyn, dei har reist bestemte ruter til bortekampar, dei har budd på hotell som Navas er familiær med. Resultatet er blitt ein høgreving i verdsklasse.
Jo, det har vore tilbakeslag. Då Sevilla skulle ha oppkjøring før sesongen i USA, måtte Navas melde pass. Han blei heime. Storklubbar i England og Tyskland har meldt si interesse, men sjukdomen til Navas har gjort ein eventuell overgang uaktuell. Og landslagsspel har ikkje vore til å tenke på med bortekampane, utanlandsreisene og turneringane på andre kontinent.
Fotballspelarar har denne auraen av verdsmenn rundt seg. Dei kjem ut frå fly eller luksusbussar i designerdressar, med sine digre Bose-hovudtelefonar, og dei ser ut som om dei eig verda. Vegen ut er levande, milevis og lokkande, fotballspelarane er dei som har makta å løfte seg høgt over det stusselige og montone som alt heime kan stå ut som.
Jesus Navas har vore annleis. I ein alder av 24 bur han framleis heime hos mor. Paradoksalt nok er han av sigøynarslekt, eit folkeslag kjent for si rastløyse ferd gjennom Europa i mange hundreår, ofte som resultat av rasisme og fordommar, men også som ein måte å leve på. Å vere i rørsle med storfamilien, å leve ute på lungdo drom, den lange vegen, har vore livet for mange sigøynarar.
Ikkje for Jesus Navas. Men i fjor meddelte Sevilla-spelaren at han var klar for landslagsspel dersom Vicente del Bosque hadde bruk for han. Navas hadde fått profesjonell hjelp, og ville forsøke å komme over si redsle for å reise. – Å spele for sitt land er det aller største, og eg håper at eg kan vere i stand til det, sa Navas på ein pressekonferanse i august.
Den 14. november debuterte han som innbyttar mot Argentina i Madrid. Han fikk ti minutt etter å ha erstatta Andres Iniesta. Etterpå tok han mikrofonen og takka kjærasten, broren og foreldra, alle folka heime. Han fikk applaus. Utrulig nok har publikum til Sevillas motstandarlag i La Liga ikkje utnytta hans angst så langt. Kunne det ha skjedd i Tippeligaen? Eller i Premier League?
Sidan har Navas dribla seg gjennom treningskampar mot Austerrike og Sør-Kora (der han skåra sitt første landslagsmål). I VM kom han innpå i opningskampen mot Sveits, han spelte frå start mot Honduras, og har sidan sete på benken. Men i VM-finalen kom han innpå igjen, spelte ein særs god kamp på vingen, var med i det avgjørande angrepet som endte med at Iniesta knalla ballen i mål.
Nummer 22 kunne gå opp på podiet, få gullmedalja si, juble med sine lagspelarar. Kanskje er ikkje Jesus Navas spelaren som har største æra for at Spania endelig blei verdsmeister, men for meg er han VM-helten. Her er ein mann som overkom sine eigne skuggar, ein ung mann som rista av seg sine søvnlause nervebana.
Jesus Navas sette seg inn i eit fly for å reise til Sør-Afrika og det uvisse. Han møtte si eiga frykt og blei verdsmeister. Ei vakrare historie får du ikkje. Reis heim no, Jesus. Reis heim til Andalusia og ver saman med dei folka du elskar.