Kan sentrum gjenoppstå?

 

Mange vil samla sentrum, men det er eit like aktuelt spørsmål om Venstre og KrF vil halda saman perioden ut.

Etter at Kristeleg Folkeparti og Venstre sa nei til å sitja i regjering med dei blå-blå, ser enkelte sjansen til å gjenoppliva det gamle sentrumssamarbeidet.

Spesielt frå Senterpartiet, som nå er fristilt frå det raud-grøne samarbeidet, kjem det invittar.  Nestleiar Ola Borten Moe seier til Nationen at det er ”ein fascinerande tanke” om sentrum kan samlast igjen etter 12 år frå kvarandre, men han innser at det kan ta tid. KrF-leiar Knut Arild Hareide er samd med Borten Moe, mens nestleiar i Venstre, Terje Breivik, uttaler seg meir avventande. Utanfor dei tradisjonelle sentrumspartia har Rasmus Hansson frå Miljøpartiet Dei Grøne peika på at sentrum, Arbeidarpartiet og Dei Grøne faktisk har fleirtal i det nye Stortinget.

Dette er i beste fall framtidsmusikk. Venstre og KrF har gjennom samarbeidsavtalen forplikta seg til ein allianse med Høgre og Frp, i alle fall inntil vidare. Tida vil visa om dette blir eit varig arrangement, om Venstre og KrF etter kvart finn vegen inn i ei breiare borgarleg regjering eller om det borgarlege samarbeidet sprekk og dei to sentrumspartia søkjer seg andre partnarar. Det er avhengig både av korleis dei blå-blå steller seg i regjering og om Arbeidarpartiet i opposisjon kan byggja opp tillit i sentrum. Dit er det eit godt stykke.

Sp mot Venstre

Avstanden dei tre sentrumspartia imellom er mindre, men likevel stor nok. Mykje vatn har runne i havet sidan sentrumsregjeringa sine dagar i 1997-2000. Dei tre partia har valt ulike regjeringsalliansar, og også politisk står dei lenger frå kvarandre enn for 15 år sidan.

Det gjeld spesielt Senterpartiet og Venstre.

Senterpartiet er nede på grunnfjellet og framstår i dag tydelegare som eit interesseparti for bønder og bygdefolk. Den breie appellen som partiet hadde under EU-kampen forsvann fort.  Liv Signe Navarsete baserte valkampen sin på å mobilisera kjerneveljarane i Distrikts-Norge.

Venstre har gått i motsett retning. Det er i dag eitt av våre mest urbane parti. Ein tredel av Venstre-stemmene i år kom frå Oslo og Akershus. Store delar av By-Venstre og  Unge Venstre ser på Senterpartiet som eit bakstrevarparti, og mange meiner det berre er eit tidsspørsmål før Venstre går over på ja-sida i EU-spørsmålet. Det er lenge sidan Odd Einar Dørum som Unge Venstre-leiar var fast gjest på landsmøta i Senterungdommen og som regel fekk ei eller to stemmer i leiarvalet der.

Motviljen mot Sp viser seg også i ei undersøking som Respons Analyse gjorde for statsvitaren Hilmar Rommetvedt i valkampen. Der seier 41 prosent av Venstre-veljarane at dei ”under ingen omstendighet” vil gå i regjering med Sp. Berre 26 prosent seier at Sp og Venstre godt kan vera i regjering saman, 32 prosent svarar ”til nød”. Venstrefolk er til samanlikning langt meir opne for Arbeidarpartiet: 51 prosent kan godt vera i regjering med sosialdemokratane, berre 32 prosent avviser det blankt.

Senterpartistane er ikkje så negative til Venstre som omvendt, men det er påfallande  at Sp og KrF står kvarandre mykje nærmare både i politiske standpunkt og på veljarplanet. KrF prøver blant anna å konkurrera med Sp om landbruks- og distriktsveljarane, mens Sp har løfta nokre av KrF sine hjartesaker i det raud-grøne samarbeidet.

Venstre-farvel til KrF?

 Nå er Venstre eit nokså amøbisk parti som skifter ut store delar av veljarflokken ved kvart val. Dermed kan ein ikkje utelukka at partiet kan endra politisk profil raskare enn dei fleste andre. Men  den kursen Venstre held i dag, peikar på lengre sikt like gjerne mot Høgre som mot dei to andre sentrumspartia. Heller enn å byggja ei ny sentrumsblokk er det spørsmål om Venstre og KrF vil halda saman stortingsperioden ut. Unge Venstre-leiar og nyvald stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn har alt opna for at Venstre kan seia farvel til sentrumskameraten KrF. Akkurat nå er det risikabel ferd, men mykje kan skje på dei neste fire åra.