Kva vinn Ap på å stå aleine?

Sist veke publiserte TV2 ei måling som viste at Arbeidarpartiet ville gått fram 4,6 prosentpoeng dersom partiet hadde kvitta seg med samarbeidspartnarane SV og Senterpartiet. Det er særleg dei såkalla “Arne Olav-veljarane” i gråsonen mellom Ap og Høgre som då kan falla ned hos Jens.  Tor Mikkel Wara og Torbjørn Giæver Eriksen har lagt stor vekt på denne veljargruppa i  “Valgflesk”-bloggar” nyleg:

Tor Mikkel Wara: Stoltenbergs møllesteiner

Torbjørn Giæver Eriksen: Jens må overbevise Arne Olav

Det er heller ingen tvil om at denne gruppa kan bli utslagsgivande i eit jamnt val mellom dei to blokkene, og i kampen mellom Ap og Høgre om å bli størst.

“Dersom, viss” kan føra vill

Men det er også farleg å leggja for stor vekt på målingar med hypotetiske spørsmål. Då striden mellom Jens Stoltenberg og Thorbjørn Jagland var på det heitaste på slutten av 1990-talet, peika målingane mot at Ap ville få kjempeframgang dersom partiet skifta ut Jagland med Stoltenberg. Det gjekk som kjent ikkje slik, og etter halvtanna år som statsminister i ei rein Ap-regjering gjorde Jens Stoltenberg det dårlegaste valet for partiet i nyare tid med 24,3 prosent. Går me endå lenger tilbake, vil ein del hugsa målingane som spådde massiv overgang frå nei til ja til EU dersom svenskane sa ja. Til slutt vart “svenskesuget” nokså slapt.

Dersom me skal vurdera det realistiske omfanget av veljarutvekslinga mellom Ap og Høgre kan det vera nyttig å sjå på kor stor den faktisk har vore ved dei siste stortingsvala. Det har Statistisk sentralbyrå målt systematisk i sine valundersøkingar, og tala er som følgjer:

1993: 2,4 prosent netto av den totale veljarmassen gjekk frå Høgre til Ap.

1997: 0,1 prosent (favør Høgre)

2001: 2,8 prosent (favør Høgre)

2005: 2,4 prosent (favør Ap)

2009: 0,6 prosent (favør Høgre).

Ved alle desse stortingsvala, med unntak av 2001, har Ap hatt større utveksling med andre parti. I det EU-dominerte 1993-valet tapte partiet 2,8 prosent av den samla veljarmassen til Sp, i 1997 1,5 prosent til KrF, i 2005 fekk Ap 3,8 prosent frå SV og i 2009 1,0 prosent frå Sp og  0,9 prosent frå SV. Det einaste året der utvekslinga med Høgre var størst, i 2001, var det nesten like mange, 2,7 prosent, som gjekk frå Ap til SV.

Ap slåst på fleire frontar

Dette betyr ikkje at utvekslinga med Høgre er uviktig, men at Ap også har andre viktige frontar å kjempa på. Og det kan henda at betydninga av forholdet Ap-Høgre blir ein del overdrive i den Oslo-baserte meiningsberande eliten, både fordi  hovudstadsområdet tradisjonelt har vore nærmare eit topartisystem enn resten av landet, og fordi desse miljøa ofte er praktisk maktorienterte og eigentleg oppfattar Ap og Høgre som dei einaste truverdige og regjeringsdyktige partia.

Ein valkamp – eller politikk – der Arbeidarpartiet legg det aller meste av innsatsen i å vinna veljarar i grenselandet mot Høgre, gjer partiet sårbart på andre frontar, ikkje minst for lekkasje til sofaen av veljarar som synest partiet blir for tamt og utydeleg. Klare frontar kan virka mobiliserande.

Personar overvurdert

Tor Mikkel Wara legg i tillegg vekt på ei måling som viser at folk flest synest partileiarane til SV og Sp gjer ein dårleg jobb, og at Navarsete og Lysbakken dermed også kan dra storebror Ap nedover. Nå viser utviklinga på dei siste målingane at begge dei to raud-grøne småpartia har tatt seg litt opp. Det skuldast neppe partileiarane sin innsats, kva ein nå måtte meina om den, men at dei fleste veljarane legg vekt på andre ting.

Forskingsleiar Hilmar Rommetvedt ved IRIS i Stavanger har heilt tilbake til 1980-åra undersøkt kva som avgjer folks partival. Årets undersøking, som kom i sist veke, viser at berre 13 prosent legg mest vekt på partileiarar og kandidatar. Denne prosenten går nedover, på 1990-talet var han over 20. Som apropos til diskusjonen om Arne Olav-veljarane kan det likevel vera verd å notera seg at det er litt fleire av Ap- og Høgre-sympatisørane som meiner at partileiarane er viktigast. For desse kan duellen mellom Jens og Erna ha ein del å seia, men ikkje nødvendigvis for så mange andre.

Talet på dei som gjer sitt val ut frå allmenn tillit til partia går også nedover, og er nå på 22. Dei aller fleste, 60 prosent, oppgir at dei tar standpunkt ut frå partia sitt standpunkt til politiske saker. Denne prosenten har aldri vore høgare.

Populærforestillinga om at politikken blir stadig meir personorientert kan nok stemma om ein ser på mediedramaturgien i ein valkamp, men på veljarplanet ser det ut til å vera ein myte.