Taklar Erna motgangen?

Mønsteret for innspurten i valkampen avteiknar seg: Det store Høgre-forspranget er i ferd med å bli innhenta.

Det er ikkje uventa. Dei fleste observatørane har spådd at det ville gå slik. Spin-dokterane i Høgre har også flittig mint om at partiet var på eit historisk og kanskje urealistisk høgt nivå på målingane det siste året. Det gjeld å ikkje gjera fallhøgda for stor.

Psykologi og politikk

I ein moderne valkamp er det mykje psykologi. Sjølv med den “dårlege” målinga frå TV2 på 26,8 prosent i går, ligg Høgre an til å gjera eit av sine beste val nokon gong. Sjansane for at det blir regjeringsskifte og at Erna Solberg blir den nye statsministeren er stadig overveldande. Men når eit parti begynner å tapa terreng midt i ein valkamp, breier det seg lett nervøsitet i rekkene. I verste fall raknar det fullstendig, og vinnaren endar opp som tapar. Høgre har også opplevd det.

I ein slik situasjon kviler mykje av ansvaret på partileiaren. Og i utgangspunktet skulle Erna Solberg vera robust nok til å bera det. Ho har vore ute ei vinternatt før. Det var ikkje tilfeldig at ho fekk tilnamnet “Jern-Erna” som kommunalminister. Og det er ikkje meir enn vel fire år sidan Høgre låg elendig an på målingane, og Erna var nær ved å bli kasta.

Denne gongen er det likevel annleis. I lang tid har det politiske miljøet forskottert at Erna vil bli den nye statsministeren. Høgre har sett heilt utilnærmelege ut. Og sjølv om ein fornuftsmessig forstår at løpet ikkje er kjørt og den avgjerande etappen ennå står igjen, er det likevel fare for at ein inst inne tar sigeren for gitt. Den same psykologiske mekanismen gjer seg gjeldande hos veljarane. Når det viser seg at valet kanskje ikkje var så avgjort likevel, kan mykje skje.

Ukomfortabel i forsvar

Det må også seiast at Høgre lenge har opplevd “fina veret og beine veien”, som me seier i Rogaland. Den mykje omtalte snuoperasjonen “frå milliardar til menneske” fekk lenge pågå utan noko særleg kritisk søkelys. Ernas runde og avvæpnande stil har medverka til det. Men også Høgre måtte vera førebudd på at det ville bli heilt annleis i valkampen. Når partiet på førehand var utropt til valvinnar, blir det ikkje så enkelt å driva valkamp som opposisjonsparti. Høgre må forsvara seg meir enn dei liker.

Så langt i valkampen kan det sjå ut som at Erna Solberg ikkje har vore heilt klar for ein slik situasjon. Jens Stoltenberg fekk henne ut av stilen i den første partileiardebatten, og ho reagerte irritabelt då NRK konfronterte henne med  NHH-rapporten om formuesskatten som gjekk Høgre imot. At ektemannen Sindre Finnes tvitrar i veg med krav om at NRKs Ingunn Solheim måtte fjernast, er meir ein kuriositet som må skrivast på kontoen for overivrig ektefellehjelp, men det byggjer opp under eit inntrykk av at Solberg og miljøet rundt henne er i overkant hårsårt og nervøst, og ikkje er heilt komfortabelt i motgang og ikkje-regisserte situasjonar.

Kor farleg er det?

I TV2s partileiardebatt i går kveld var det tydeleg at Solberg ville motverka dette inntrykket, og ho la for dagen ein raus og humoristisk stil. Men då Audun Lysbakken provoserte henne med å visa til dårleg eldreomsorg i Høgre-styrte kommunar, gnistra ho til igjen.

Temperament treng ikkje vera negativt, men når Erna Solberg så lenge har forsøkt å framstå som statsmannsaktig, er ho sårbar om ho lar seg riva med i småkrangling. Det vil utan tvil dei raud-grøne prøva å utnytta i innspurten.

Kor farleg er dette for Erna og Høgre? I utgangspunktet vil eg hevda at den personlege faktoren ofte blir overdriven i politiske analysar. Dei fleste stemmer ut frå saker, interesser og kor dei føler seg heime i det politiske landskapet. Men i ein valkamp som er den mest duell-prega sidan Gro og Kåre si tid, blir partileiarane sin stil og karakter viktigare. Det gjeld ikkje minst  “Arne Olav-veljarane” som ligg i gråsonen mellom Høgre og Ap, veljarar som er lite ideologiske, men som først og fremst etterspør stabilitet og styringsevne. Og det er desse veljarane som til slutt kan avgjera regjeringsspørsmålet.