Blir Dei Grøne årets sensasjon?

Stakkars Audun Lysbakken. Her har han snakka om klima og miljø så mykje at han får sin eigen ungdomsorganisasjon på pukkelen. Og så opplever han at Miljøpartiet Dei Grøne skvisar han ut av Hordalands-benken.

Dagens meiningsmåling for Hordaland i Bergens Tidende er sensasjonell. Med 6,1 prosent av stemmene er Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) blitt det femte største partiet i fylket – større enn både SV, Venstre og Senterpartiet.

Dette er ikkje den einaste regionale målinga som gir MDG oppsiktsvekkjande gode tal. I Sør-Trøndelag får partiet 4,2 prosent. Og i Nordland og Troms, fylke som ein skulle tru står kulturelt ganske fjernt frå den urbane miljøverntradisjonen (“nei til pelsdyr og kvalfangst”) som MDG representerer, oppnår dei grøne 3,6 prosent. Den harde kampen om miljøveljarane i nord får elles den paradoksale konsekvensen at ingen av partia som er mot oljeboring utanfor Lofoten, Vesterålen og  Senja får direkte mandat. Ja til olje-partia Ap, Høgre og Frp stikk av med alle representantane frå Nordland og Troms, om dagens måling i Nordlys slår til.

Kan klara sperregrensa

Men altså, Miljøpartiet Dei Grøne er i framgang. Og fylkesmålinga tyder på at det nasjonale barometeret i VG 12. august, som gav MDG 3,8 prosent, ikkje var ein feilmargin-glipp. Dei grøne har faktisk reelle sjansar til å klara sperregrensa på 4,0 prosent og koma inn med sju-åtte representantar. Det gir valkampen eit heilt nytt spenningsmoment.

Kvifor skjer dette nå?

Miljøpartiet representerer eigentleg ikkje så mange nye tankar. Ei radikal miljøtenking med brodd mot forbrukar- og vekstsamfunnet har gjort seg gjeldande i norsk debatt heilt sidan tidleg på 1970-talet, då Arne Næss lanserte økofilosofien og Erik Dammann grunnla Framtiden i våre hender. Men i motsetning til land som Tyskland og Sverige fekk aldri Norge eit sterkt grønt parti. Dei etablerte partia tok opp i seg såpass mykje av dette tankegodset at det ikkje var grunnlag for ein nykommar som konkurrerte om miljøveljarane. Venstre og SV var miljøparti, til dels også KrF og Sp. Og i Ap langa den gamle fagforeiningskjempa Thorbjørn Berntsen ut mot forbrukarkultur og materialisme, mens Kåre Willoch sat i hornet på veggen i Høyres Hus og vart stadig grønare.

Grønt mot grått

Men i år er det altså annleis. Det kan ha fleire forklaringar, for eksempel at det er blitt større gjenklang i Norge for den type miljøvern med idelogisk tilknyting til alternativrørslene som MDG står for. Men den viktigaste grunnen trur eg er den sterke konsentrasjonen om regjeringsspørsmålet i valkampen så langt.

Duellar mellom Jens og Erna om formuesskatt, OPS-finansiering og privat helse interesserer denne typen unge, idealistiske veljarar midt i ryggen. Det er ein dagsorden for den velberga, materialistiske og matleie middelklassen, slik dei ser det. Dei verkeleg viktige sakene for denne gruppa, som klima og miljø, krig og global urettferd, og Norges rolle som nyrik oljenasjon i verda, blir ikkje diskuterte av dei to store, fordi dei eigentleg er ganske samde om desse spørsmåla.

Samtidig er dei meir miljøorienterte SV og sentrumspartia blitt mindre truverdige, fordi dei i regjeringsspørsmålet står fram som haleheng til kvart sitt store parti. Dei protesterer for all verda, men følgjer med på ferda. Dermed har MDG greidd å få gjennomslag hos ganske mange for at valet ikkje står mellom raudt og blått, men mellom grønt og grått.

Kan det halda heilt fram?

At valet dessutan synest ganske avgjort, gjer også jobben lettare for dei grøne. Dersom SV og dei raud-grøne uansett vil tapa, er det mindre risikabelt å stemma i protest for ein grønare politikk. Den situasjonen er også til fordel for Raudt, som også har gode sjansar til å koma inn frå Oslo.

Kor sannsynleg er det så at den grøne stemningsbølgja vil halda heilt fram til valdagen? MDG vil heilt sikkert bli utsett for harde angrep, og må svara for seg på breiare front enn berre dei typiske miljøsakene. MDG vil bli konfrontert med hasjliberalisering, oljestans og andre ytterleggåande standpunkt. Det kan partiet sikkert få problem med, men samtidig gjer det at dei grøne vil stå meir sentralt i debatten. Problemstillinga “for eller mot MDG” er ein ønskesituasjon for eit slikt parti.

Skulevala blir avgjerande. Dersom MDG gjer det godt der, noko som ikkje er usannsynleg, vil svært mykje medieinteresse bli retta mot partiet i innspurten. Fleire parti vil måtta justera sine opplegg for å møta konkurransen frå MDG. Sjølv om SV hittil har vore mest sårbare, viser ein analyse på nettstaden pollofpolls.no, basert på den siste VG-målinga, at MDG også gjer store innhogg blant tidlegare Ap- og Venstre-veljarar. Berre Høgre og Frp ser ut til å vera immune mot tap til dei grøne.