Tre parti på Tinget – eller kanskje ni?

I dag er sju parti representerte på Stortinget. Målingane viser at berre tre av dei – Ap, Høgre og Frp  – kan vera heilt sikre på å koma over sperregrensa på 4 prosent. Både KrF, Sp, SV og Venstre lever farleg. Måndagens måling frå TV2 viste at både KrF og Venstre var under streken. På andre relativt ferske målingar er det dei raud-grøne juniorpartnarane Sp og SV som har ramla gjennom golvet.

Kjedeleg politikk

I teorien kan me altså få eit Storting med berre tre parti. Det vil vera eit deprimerande valutfall. I tillegg til at eit slikt Storting blir gudsjammerleg grått og kjedeleg, vil det mangla ein kraftfull opposisjon i ei  rekke viktige saker: miljø- og oljepolitikken (alle de tre store er i realiteten for oljeaktivitet i Lofoten og Vesterålen), EU og EØS, asyl- og innvandringspolitikken, landbruks- og distriktspolitikken. Norsk politikk vil bli meir eindimensjonal, og viktige synspunkt som ofte har brei støtte i folket, vil få ei svakare stemme på Stortingets talarstol.

Nå er det heldigvis minimal fare for at det skal skje. Mitt tips er at minst tre av dei fire småpartia på Stortinget i dag vil klara sperregrensa. Og sjølv om enkelte skulle falla gjennom, er det sannsynleg at dei likevel vil bli representerte på Stortinget frå enkeltfylke, slik Venstre er i dag frå Oslo og Akershus.

Slik er utsiktene

Sjansen er faktisk langt større for at Stortinget i neste periode kan få heile ni parti. Det vil i så fall vera rekord i norsk politisk historie. Men meir om det seinare, la meg først prøva meg på ei rangering av utsiktene til kvart av småpartia på dagens Storting:

Med all respekt for TNS Gallup/TV2 si måling på 3,7 prosent, trur eg Kristeleg Folkeparti står på tryggast grunn.  Partiet har framleis eit trufast grunnfjell i kjerneområda sine, og det nye kristenkonservative partiet De Kristne representerer neppe nokon trussel. Partileiar Knut Arild Hareide er samlande, og har ein frisk stil som appellerer også til andre enn dei typiske KrF-veljarane. Regjeringsspørsmålet ser ut til å vera mindre problematisk for KrF enn for Venstre, men Hareide går på stram line mellom å uttrykkja ønske om regjeringsskifte og å markera avstand til Frp og den mest blå-blå politikken.

Sjansane for å kopiera 2009-resultatet med 5,5 prosent og ti mandat burde vera gode. Uansett er dei direkte mandata frå Rogaland og Hordaland sikre, sannsynlegvis også Vest-Agder.

 Senterpartiet vil nok også koma relativt heilskinna gjennom valkampen, sjølv om det blir vanskeleg å greia 6,2 prosent og få fornya kontrakt for alle dagens 11 representantar. Senterpartiet er kjent for å mobilisera godt i innspurten, og har ofte hatt dårlege målingar mellom vala.

På den negative sida må me notera ein generell regjeringsslitasje og at partileiar Liv Signe Navarsete ikkje står særleg sterkt verken blant eigne partifellar eller hos folk flest. Urbaniseringa gjer også sitt til at Sp sitt naturlege veljargrunnlag blant bønder og bygdefolk minkar for kvart val.

Samtidig er desse veljarane kanskje dei som har mest å tapa på ei blå-blå regjering, gitt dei signala som har kome om endringar i landbrukspolitikk, distriktspolitikk og kommunestruktur. For Sp kan det bli eit viktig mobiliseringsgrunnlag i valkampen.

Kampen om dei grøne

Sosialistisk Venstreparti har store problem, og har hatt det lenge. Partiet vart like stort som Sp i 2009, men har dei siste par åra stått litt svakare på målingane enn Navarsetes flokk. Leiarskiftet frå Kristin Halvorsen til Audun Lysbakken har ikkje gitt partiet noko løft.

I det siste har også Miljøpartiet Dei Grøne vakse fram som ein seriøs rival i kampen om dei radikale miljøveljarane. Dermed kan SV mista stemmer som er heilt kritiske for å halda på utsette mandat.

På den andre sida kan framveksten til Dei Grøne føra til at miljøspørsmåla vil stå meir sentralt i valkampen enn det tidlegare kunne sjå ut til. Det kan kanskje både SV og MDG tena på. Dagsorden er viktig. SV kan kanskje også få tilbake ein del veljarar frå Ap som stemmer taktisk for å berga SV over sperregrensa. Men då må kampen mellom blokkene bli jamnare enn det har sett ut til fram til nå, slik at veljarane opplever at dei raud-grøne faktisk har ein sjanse.

Venstre er også i år det partiet som eg trur ligg mest utsett til, sjølv om partiet har hatt gode målingar dei siste åra. Erfaringa viser likevel at Venstre slit når valkampen hardnar til, og regjeringsspørsmålet vil bli vanskeleg for partiet i år som i 2009. Ei måling i Stavanger Aftenblad i vår viste at kvar fjerde Venstre-veljar i Rogaland helst vil ha ei raud-grøn regjering. Desse veljarane sit laust når Jens Stoltenberg & Co i valkampen hamrar inn konsekvensane av eit regjeringssamarbeid med Frp. Og på same måte som SV kan Venstre vera utsett for veljarlekkasje til Dei Grøne. Eg vil derfor ikkje bli overraska om Venstre også i år så vidt missar på sperregrensa, men partiet ligg likevel godt an til å bli representert direkte frå dei mest folkerike fylka.

Raud-grøn protest

Altså vil me høgst sannsynleg sjå dei same sju partia på Stortinget også i neste periode. I tillegg kan me få to nye.

Miljøpartiet Dei Grøne har etablert seg som eit parti å rekna med sidan det kom inn i fleire by- og kommunestyre i 2011. I Oslo, der partiet stiller med den kjende miljøaktivisten Rasmus Hansson, er det nå definitivt i mandatposisjon, og sjansane er også til stades i Hordaland. MDG trekker proteststemmer særleg frå SV, men representerer også ei ny, urban form for miljøvern med tilknyting til alternativrørsla. Her kan det dukka opp mykje rart som partiet vil bli stilt til ansvar for.  Men så langt surfar partiet på ei medgangsbølgje som godt kan vara heilt til 9. september.

Raudt har berre vore representert på Stortinget i ein periode, då Erling Folkvord var inne frå Oslo i 1993-1997. Men det skal lite til før partiet greier det igjen, og i hovudstaden er terskelen senka i og med at Oslo har fått fleire mandat til fordeling.

Eit viktig poeng til slutt: Både for Raudt og MDG vil sannsynlegvis sjansane stiga dersom dei raud-grøne framstår som sjanselause til å vinna valet. Dersom regjeringa ikkje kan bergast uansett, er det meir risikofritt for radikale raud-grøne veljarar å senda ei stemme for ein friskare raud eller grøn politikk.