Kva vinn Ap på å stå aleine?

Sist veke publiserte TV2 ei måling som viste at Arbeidarpartiet ville gått fram 4,6 prosentpoeng dersom partiet hadde kvitta seg med samarbeidspartnarane SV og Senterpartiet. Det er særleg dei såkalla «Arne Olav-veljarane» i gråsonen mellom Ap og Høgre som då kan falla ned hos Jens.  Tor Mikkel Wara og Torbjørn Giæver Eriksen har lagt stor vekt på denne veljargruppa i  «Valgflesk»-bloggar» nyleg:

Tor Mikkel Wara: Stoltenbergs møllesteiner

Torbjørn Giæver Eriksen: Jens må overbevise Arne Olav

Det er heller ingen tvil om at denne gruppa kan bli utslagsgivande i eit jamnt val mellom dei to blokkene, og i kampen mellom Ap og Høgre om å bli størst.

«Dersom, viss» kan føra vill

Men det er også farleg å leggja for stor vekt på målingar med hypotetiske spørsmål. Då striden mellom Jens Stoltenberg og Thorbjørn Jagland var på det heitaste på slutten av 1990-talet, peika målingane mot at Ap ville få kjempeframgang dersom partiet skifta ut Jagland med Stoltenberg. Det gjekk som kjent ikkje slik, og etter halvtanna år som statsminister i ei rein Ap-regjering gjorde Jens Stoltenberg det dårlegaste valet for partiet i nyare tid med 24,3 prosent. Går me endå lenger tilbake, vil ein del hugsa målingane som spådde massiv overgang frå nei til ja til EU dersom svenskane sa ja. Til slutt vart «svenskesuget» nokså slapt.

Dersom me skal vurdera det realistiske omfanget av veljarutvekslinga mellom Ap og Høgre kan det vera nyttig å sjå på kor stor den faktisk har vore ved dei siste stortingsvala. Det har Statistisk sentralbyrå målt systematisk i sine valundersøkingar, og tala er som følgjer:

1993: 2,4 prosent netto av den totale veljarmassen gjekk frå Høgre til Ap.

1997: 0,1 prosent (favør Høgre)

2001: 2,8 prosent (favør Høgre)

2005: 2,4 prosent (favør Ap)

2009: 0,6 prosent (favør Høgre).

Ved alle desse stortingsvala, med unntak av 2001, har Ap hatt større utveksling med andre parti. I det EU-dominerte 1993-valet tapte partiet 2,8 prosent av den samla veljarmassen til Sp, i 1997 1,5 prosent til KrF, i 2005 fekk Ap 3,8 prosent frå SV og i 2009 1,0 prosent frå Sp og  0,9 prosent frå SV. Det einaste året der utvekslinga med Høgre var størst, i 2001, var det nesten like mange, 2,7 prosent, som gjekk frå Ap til SV.

Ap slåst på fleire frontar

Dette betyr ikkje at utvekslinga med Høgre er uviktig, men at Ap også har andre viktige frontar å kjempa på. Og det kan henda at betydninga av forholdet Ap-Høgre blir ein del overdrive i den Oslo-baserte meiningsberande eliten, både fordi  hovudstadsområdet tradisjonelt har vore nærmare eit topartisystem enn resten av landet, og fordi desse miljøa ofte er praktisk maktorienterte og eigentleg oppfattar Ap og Høgre som dei einaste truverdige og regjeringsdyktige partia.

Ein valkamp – eller politikk – der Arbeidarpartiet legg det aller meste av innsatsen i å vinna veljarar i grenselandet mot Høgre, gjer partiet sårbart på andre frontar, ikkje minst for lekkasje til sofaen av veljarar som synest partiet blir for tamt og utydeleg. Klare frontar kan virka mobiliserande.

Personar overvurdert

Tor Mikkel Wara legg i tillegg vekt på ei måling som viser at folk flest synest partileiarane til SV og Sp gjer ein dårleg jobb, og at Navarsete og Lysbakken dermed også kan dra storebror Ap nedover. Nå viser utviklinga på dei siste målingane at begge dei to raud-grøne småpartia har tatt seg litt opp. Det skuldast neppe partileiarane sin innsats, kva ein nå måtte meina om den, men at dei fleste veljarane legg vekt på andre ting.

Forskingsleiar Hilmar Rommetvedt ved IRIS i Stavanger har heilt tilbake til 1980-åra undersøkt kva som avgjer folks partival. Årets undersøking, som kom i sist veke, viser at berre 13 prosent legg mest vekt på partileiarar og kandidatar. Denne prosenten går nedover, på 1990-talet var han over 20. Som apropos til diskusjonen om Arne Olav-veljarane kan det likevel vera verd å notera seg at det er litt fleire av Ap- og Høgre-sympatisørane som meiner at partileiarane er viktigast. For desse kan duellen mellom Jens og Erna ha ein del å seia, men ikkje nødvendigvis for så mange andre.

Talet på dei som gjer sitt val ut frå allmenn tillit til partia går også nedover, og er nå på 22. Dei aller fleste, 60 prosent, oppgir at dei tar standpunkt ut frå partia sitt standpunkt til politiske saker. Denne prosenten har aldri vore høgare.

Populærforestillinga om at politikken blir stadig meir personorientert kan nok stemma om ein ser på mediedramaturgien i ein valkamp, men på veljarplanet ser det ut til å vera ein myte.

 

Taklar Erna motgangen?

Mønsteret for innspurten i valkampen avteiknar seg: Det store Høgre-forspranget er i ferd med å bli innhenta.

Det er ikkje uventa. Dei fleste observatørane har spådd at det ville gå slik. Spin-dokterane i Høgre har også flittig mint om at partiet var på eit historisk og kanskje urealistisk høgt nivå på målingane det siste året. Det gjeld å ikkje gjera fallhøgda for stor.

Psykologi og politikk

I ein moderne valkamp er det mykje psykologi. Sjølv med den «dårlege» målinga frå TV2 på 26,8 prosent i går, ligg Høgre an til å gjera eit av sine beste val nokon gong. Sjansane for at det blir regjeringsskifte og at Erna Solberg blir den nye statsministeren er stadig overveldande. Men når eit parti begynner å tapa terreng midt i ein valkamp, breier det seg lett nervøsitet i rekkene. I verste fall raknar det fullstendig, og vinnaren endar opp som tapar. Høgre har også opplevd det.

I ein slik situasjon kviler mykje av ansvaret på partileiaren. Og i utgangspunktet skulle Erna Solberg vera robust nok til å bera det. Ho har vore ute ei vinternatt før. Det var ikkje tilfeldig at ho fekk tilnamnet «Jern-Erna» som kommunalminister. Og det er ikkje meir enn vel fire år sidan Høgre låg elendig an på målingane, og Erna var nær ved å bli kasta.

Denne gongen er det likevel annleis. I lang tid har det politiske miljøet forskottert at Erna vil bli den nye statsministeren. Høgre har sett heilt utilnærmelege ut. Og sjølv om ein fornuftsmessig forstår at løpet ikkje er kjørt og den avgjerande etappen ennå står igjen, er det likevel fare for at ein inst inne tar sigeren for gitt. Den same psykologiske mekanismen gjer seg gjeldande hos veljarane. Når det viser seg at valet kanskje ikkje var så avgjort likevel, kan mykje skje.

Ukomfortabel i forsvar

Det må også seiast at Høgre lenge har opplevd «fina veret og beine veien», som me seier i Rogaland. Den mykje omtalte snuoperasjonen «frå milliardar til menneske» fekk lenge pågå utan noko særleg kritisk søkelys. Ernas runde og avvæpnande stil har medverka til det. Men også Høgre måtte vera førebudd på at det ville bli heilt annleis i valkampen. Når partiet på førehand var utropt til valvinnar, blir det ikkje så enkelt å driva valkamp som opposisjonsparti. Høgre må forsvara seg meir enn dei liker.

Så langt i valkampen kan det sjå ut som at Erna Solberg ikkje har vore heilt klar for ein slik situasjon. Jens Stoltenberg fekk henne ut av stilen i den første partileiardebatten, og ho reagerte irritabelt då NRK konfronterte henne med  NHH-rapporten om formuesskatten som gjekk Høgre imot. At ektemannen Sindre Finnes tvitrar i veg med krav om at NRKs Ingunn Solheim måtte fjernast, er meir ein kuriositet som må skrivast på kontoen for overivrig ektefellehjelp, men det byggjer opp under eit inntrykk av at Solberg og miljøet rundt henne er i overkant hårsårt og nervøst, og ikkje er heilt komfortabelt i motgang og ikkje-regisserte situasjonar.

Kor farleg er det?

I TV2s partileiardebatt i går kveld var det tydeleg at Solberg ville motverka dette inntrykket, og ho la for dagen ein raus og humoristisk stil. Men då Audun Lysbakken provoserte henne med å visa til dårleg eldreomsorg i Høgre-styrte kommunar, gnistra ho til igjen.

Temperament treng ikkje vera negativt, men når Erna Solberg så lenge har forsøkt å framstå som statsmannsaktig, er ho sårbar om ho lar seg riva med i småkrangling. Det vil utan tvil dei raud-grøne prøva å utnytta i innspurten.

Kor farleg er dette for Erna og Høgre? I utgangspunktet vil eg hevda at den personlege faktoren ofte blir overdriven i politiske analysar. Dei fleste stemmer ut frå saker, interesser og kor dei føler seg heime i det politiske landskapet. Men i ein valkamp som er den mest duell-prega sidan Gro og Kåre si tid, blir partileiarane sin stil og karakter viktigare. Det gjeld ikkje minst  «Arne Olav-veljarane» som ligg i gråsonen mellom Høgre og Ap, veljarar som er lite ideologiske, men som først og fremst etterspør stabilitet og styringsevne. Og det er desse veljarane som til slutt kan avgjera regjeringsspørsmålet.

 

Blir Dei Grøne årets sensasjon?

Stakkars Audun Lysbakken. Her har han snakka om klima og miljø så mykje at han får sin eigen ungdomsorganisasjon på pukkelen. Og så opplever han at Miljøpartiet Dei Grøne skvisar han ut av Hordalands-benken.

Dagens meiningsmåling for Hordaland i Bergens Tidende er sensasjonell. Med 6,1 prosent av stemmene er Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) blitt det femte største partiet i fylket – større enn både SV, Venstre og Senterpartiet.

Dette er ikkje den einaste regionale målinga som gir MDG oppsiktsvekkjande gode tal. I Sør-Trøndelag får partiet 4,2 prosent. Og i Nordland og Troms, fylke som ein skulle tru står kulturelt ganske fjernt frå den urbane miljøverntradisjonen («nei til pelsdyr og kvalfangst») som MDG representerer, oppnår dei grøne 3,6 prosent. Den harde kampen om miljøveljarane i nord får elles den paradoksale konsekvensen at ingen av partia som er mot oljeboring utanfor Lofoten, Vesterålen og  Senja får direkte mandat. Ja til olje-partia Ap, Høgre og Frp stikk av med alle representantane frå Nordland og Troms, om dagens måling i Nordlys slår til.

Kan klara sperregrensa

Men altså, Miljøpartiet Dei Grøne er i framgang. Og fylkesmålinga tyder på at det nasjonale barometeret i VG 12. august, som gav MDG 3,8 prosent, ikkje var ein feilmargin-glipp. Dei grøne har faktisk reelle sjansar til å klara sperregrensa på 4,0 prosent og koma inn med sju-åtte representantar. Det gir valkampen eit heilt nytt spenningsmoment.

Kvifor skjer dette nå?

Miljøpartiet representerer eigentleg ikkje så mange nye tankar. Ei radikal miljøtenking med brodd mot forbrukar- og vekstsamfunnet har gjort seg gjeldande i norsk debatt heilt sidan tidleg på 1970-talet, då Arne Næss lanserte økofilosofien og Erik Dammann grunnla Framtiden i våre hender. Men i motsetning til land som Tyskland og Sverige fekk aldri Norge eit sterkt grønt parti. Dei etablerte partia tok opp i seg såpass mykje av dette tankegodset at det ikkje var grunnlag for ein nykommar som konkurrerte om miljøveljarane. Venstre og SV var miljøparti, til dels også KrF og Sp. Og i Ap langa den gamle fagforeiningskjempa Thorbjørn Berntsen ut mot forbrukarkultur og materialisme, mens Kåre Willoch sat i hornet på veggen i Høyres Hus og vart stadig grønare.

Grønt mot grått

Men i år er det altså annleis. Det kan ha fleire forklaringar, for eksempel at det er blitt større gjenklang i Norge for den type miljøvern med idelogisk tilknyting til alternativrørslene som MDG står for. Men den viktigaste grunnen trur eg er den sterke konsentrasjonen om regjeringsspørsmålet i valkampen så langt.

Duellar mellom Jens og Erna om formuesskatt, OPS-finansiering og privat helse interesserer denne typen unge, idealistiske veljarar midt i ryggen. Det er ein dagsorden for den velberga, materialistiske og matleie middelklassen, slik dei ser det. Dei verkeleg viktige sakene for denne gruppa, som klima og miljø, krig og global urettferd, og Norges rolle som nyrik oljenasjon i verda, blir ikkje diskuterte av dei to store, fordi dei eigentleg er ganske samde om desse spørsmåla.

Samtidig er dei meir miljøorienterte SV og sentrumspartia blitt mindre truverdige, fordi dei i regjeringsspørsmålet står fram som haleheng til kvart sitt store parti. Dei protesterer for all verda, men følgjer med på ferda. Dermed har MDG greidd å få gjennomslag hos ganske mange for at valet ikkje står mellom raudt og blått, men mellom grønt og grått.

Kan det halda heilt fram?

At valet dessutan synest ganske avgjort, gjer også jobben lettare for dei grøne. Dersom SV og dei raud-grøne uansett vil tapa, er det mindre risikabelt å stemma i protest for ein grønare politikk. Den situasjonen er også til fordel for Raudt, som også har gode sjansar til å koma inn frå Oslo.

Kor sannsynleg er det så at den grøne stemningsbølgja vil halda heilt fram til valdagen? MDG vil heilt sikkert bli utsett for harde angrep, og må svara for seg på breiare front enn berre dei typiske miljøsakene. MDG vil bli konfrontert med hasjliberalisering, oljestans og andre ytterleggåande standpunkt. Det kan partiet sikkert få problem med, men samtidig gjer det at dei grøne vil stå meir sentralt i debatten. Problemstillinga «for eller mot MDG» er ein ønskesituasjon for eit slikt parti.

Skulevala blir avgjerande. Dersom MDG gjer det godt der, noko som ikkje er usannsynleg, vil svært mykje medieinteresse bli retta mot partiet i innspurten. Fleire parti vil måtta justera sine opplegg for å møta konkurransen frå MDG. Sjølv om SV hittil har vore mest sårbare, viser ein analyse på nettstaden pollofpolls.no, basert på den siste VG-målinga, at MDG også gjer store innhogg blant tidlegare Ap- og Venstre-veljarar. Berre Høgre og Frp ser ut til å vera immune mot tap til dei grøne.

 

 

 

Tre parti på Tinget – eller kanskje ni?

I dag er sju parti representerte på Stortinget. Målingane viser at berre tre av dei – Ap, Høgre og Frp  – kan vera heilt sikre på å koma over sperregrensa på 4 prosent. Både KrF, Sp, SV og Venstre lever farleg. Måndagens måling frå TV2 viste at både KrF og Venstre var under streken. På andre relativt ferske målingar er det dei raud-grøne juniorpartnarane Sp og SV som har ramla gjennom golvet.

Kjedeleg politikk

I teorien kan me altså få eit Storting med berre tre parti. Det vil vera eit deprimerande valutfall. I tillegg til at eit slikt Storting blir gudsjammerleg grått og kjedeleg, vil det mangla ein kraftfull opposisjon i ei  rekke viktige saker: miljø- og oljepolitikken (alle de tre store er i realiteten for oljeaktivitet i Lofoten og Vesterålen), EU og EØS, asyl- og innvandringspolitikken, landbruks- og distriktspolitikken. Norsk politikk vil bli meir eindimensjonal, og viktige synspunkt som ofte har brei støtte i folket, vil få ei svakare stemme på Stortingets talarstol.

Nå er det heldigvis minimal fare for at det skal skje. Mitt tips er at minst tre av dei fire småpartia på Stortinget i dag vil klara sperregrensa. Og sjølv om enkelte skulle falla gjennom, er det sannsynleg at dei likevel vil bli representerte på Stortinget frå enkeltfylke, slik Venstre er i dag frå Oslo og Akershus.

Slik er utsiktene

Sjansen er faktisk langt større for at Stortinget i neste periode kan få heile ni parti. Det vil i så fall vera rekord i norsk politisk historie. Men meir om det seinare, la meg først prøva meg på ei rangering av utsiktene til kvart av småpartia på dagens Storting:

Med all respekt for TNS Gallup/TV2 si måling på 3,7 prosent, trur eg Kristeleg Folkeparti står på tryggast grunn.  Partiet har framleis eit trufast grunnfjell i kjerneområda sine, og det nye kristenkonservative partiet De Kristne representerer neppe nokon trussel. Partileiar Knut Arild Hareide er samlande, og har ein frisk stil som appellerer også til andre enn dei typiske KrF-veljarane. Regjeringsspørsmålet ser ut til å vera mindre problematisk for KrF enn for Venstre, men Hareide går på stram line mellom å uttrykkja ønske om regjeringsskifte og å markera avstand til Frp og den mest blå-blå politikken.

Sjansane for å kopiera 2009-resultatet med 5,5 prosent og ti mandat burde vera gode. Uansett er dei direkte mandata frå Rogaland og Hordaland sikre, sannsynlegvis også Vest-Agder.

 Senterpartiet vil nok også koma relativt heilskinna gjennom valkampen, sjølv om det blir vanskeleg å greia 6,2 prosent og få fornya kontrakt for alle dagens 11 representantar. Senterpartiet er kjent for å mobilisera godt i innspurten, og har ofte hatt dårlege målingar mellom vala.

På den negative sida må me notera ein generell regjeringsslitasje og at partileiar Liv Signe Navarsete ikkje står særleg sterkt verken blant eigne partifellar eller hos folk flest. Urbaniseringa gjer også sitt til at Sp sitt naturlege veljargrunnlag blant bønder og bygdefolk minkar for kvart val.

Samtidig er desse veljarane kanskje dei som har mest å tapa på ei blå-blå regjering, gitt dei signala som har kome om endringar i landbrukspolitikk, distriktspolitikk og kommunestruktur. For Sp kan det bli eit viktig mobiliseringsgrunnlag i valkampen.

Kampen om dei grøne

Sosialistisk Venstreparti har store problem, og har hatt det lenge. Partiet vart like stort som Sp i 2009, men har dei siste par åra stått litt svakare på målingane enn Navarsetes flokk. Leiarskiftet frå Kristin Halvorsen til Audun Lysbakken har ikkje gitt partiet noko løft.

I det siste har også Miljøpartiet Dei Grøne vakse fram som ein seriøs rival i kampen om dei radikale miljøveljarane. Dermed kan SV mista stemmer som er heilt kritiske for å halda på utsette mandat.

På den andre sida kan framveksten til Dei Grøne føra til at miljøspørsmåla vil stå meir sentralt i valkampen enn det tidlegare kunne sjå ut til. Det kan kanskje både SV og MDG tena på. Dagsorden er viktig. SV kan kanskje også få tilbake ein del veljarar frå Ap som stemmer taktisk for å berga SV over sperregrensa. Men då må kampen mellom blokkene bli jamnare enn det har sett ut til fram til nå, slik at veljarane opplever at dei raud-grøne faktisk har ein sjanse.

Venstre er også i år det partiet som eg trur ligg mest utsett til, sjølv om partiet har hatt gode målingar dei siste åra. Erfaringa viser likevel at Venstre slit når valkampen hardnar til, og regjeringsspørsmålet vil bli vanskeleg for partiet i år som i 2009. Ei måling i Stavanger Aftenblad i vår viste at kvar fjerde Venstre-veljar i Rogaland helst vil ha ei raud-grøn regjering. Desse veljarane sit laust når Jens Stoltenberg & Co i valkampen hamrar inn konsekvensane av eit regjeringssamarbeid med Frp. Og på same måte som SV kan Venstre vera utsett for veljarlekkasje til Dei Grøne. Eg vil derfor ikkje bli overraska om Venstre også i år så vidt missar på sperregrensa, men partiet ligg likevel godt an til å bli representert direkte frå dei mest folkerike fylka.

Raud-grøn protest

Altså vil me høgst sannsynleg sjå dei same sju partia på Stortinget også i neste periode. I tillegg kan me få to nye.

Miljøpartiet Dei Grøne har etablert seg som eit parti å rekna med sidan det kom inn i fleire by- og kommunestyre i 2011. I Oslo, der partiet stiller med den kjende miljøaktivisten Rasmus Hansson, er det nå definitivt i mandatposisjon, og sjansane er også til stades i Hordaland. MDG trekker proteststemmer særleg frå SV, men representerer også ei ny, urban form for miljøvern med tilknyting til alternativrørsla. Her kan det dukka opp mykje rart som partiet vil bli stilt til ansvar for.  Men så langt surfar partiet på ei medgangsbølgje som godt kan vara heilt til 9. september.

Raudt har berre vore representert på Stortinget i ein periode, då Erling Folkvord var inne frå Oslo i 1993-1997. Men det skal lite til før partiet greier det igjen, og i hovudstaden er terskelen senka i og med at Oslo har fått fleire mandat til fordeling.

Eit viktig poeng til slutt: Både for Raudt og MDG vil sannsynlegvis sjansane stiga dersom dei raud-grøne framstår som sjanselause til å vinna valet. Dersom regjeringa ikkje kan bergast uansett, er det meir risikofritt for radikale raud-grøne veljarar å senda ei stemme for ein friskare raud eller grøn politikk.