Kan det gå gale for Erna nå?

Måling etter måling, seinast i TV2 på måndag, viser solid fleirtal for regjeringsskifte, med Høgre som det dominerande partiet.  I over eit år har Høgre hatt ei stabil oppslutning på over 30 prosent på målingane. Gjennomsnittet for juni var på 32,0, faktisk ein liten framgang frå mai.

Likevel nøler Høgre-strategane klokeleg med å ta sigeren på forskot. Det har straffa seg før. I 1993 ramla Høgre som ein stein gjennom valkampen, og VG vreid kniven om i såret med den legendarisk brutale førstesida med Kaci Kullmann Five og ein tittel som fortalde at Høgre hadde tapt 350.000 veljarar. I 2001 steig Høgre til himmels som ein rakett like før ferien, og var om lag på dagens nivå på målingane. På valdagen måtte Jan Petersen & Co ta til takke med 21,2 prosent.

Det er alltid farleg å seia at ”denne gongen er det annleis”. Likevel er det sannsynleg. Det store forspranget og stabiliteten i oppslutninga for Høgre over tid talar for det.  Ønsket om regjeringsskifte etter åtte år med dei raud-grøne gjer det same. I det moderne Norge er det berre reint unntaksvis at ei regjering får meir enn fire år ved makta. Sist det skjedde var under Gro på 1990-talet, då EU-kampen dominerte dagsordenen og for ein periode gjorde Ap og Høgre til allierte.

Veljarane er ikkje redde nok

At regjeringane får stadig meir pengar til disposisjon hjelper dei ingenting, for forventningane stig endå raskare. Paradoksalt nok var det finanskrisa som berga Jens i 2009. Når veljarane blir redde, samlar dei seg bak det sitjande styret, slik me også såg det ei kort stund etter 22. juli. Men grunnhaldninga i Norge har lenge vore at det er på tide med nye kostar i regjeringskontora  – om ikkje nødvendigvis ein radikalt ny politikk. Erfaringa dei siste tiåra tyder då også på at det meste blir som før same kven som styrer.

Det vil altså vera ein sensasjon, grensande til eit mirakel, om dei raud-grøne skulle klara å snu stemninga i løpet av dei to månadene som er att. Dei har få kort igjen å spela ut. Godbitane i Nasjonal transportplan er registrerte med eit skuldertrekk. Lofoten og Vesterålen, den store kampsaka for SV, må partiet dela med mange andre. Den beste jordbruksavtalen på mange år har ikkje løfta Senterpartiet opp frå sperregrensenivået. Frp-skremselet er i ferd med å bli ein vits. Ein halv million veljarar vil ikkje strøyma tilbake til dei raud-grøne av frykt for handlingsregelen.

Dersom det ikkje skulle skje ein nasjonal eller internasjonal katastrofe, trur eg Erna har kontrollen på dette.  

Avstanden vil minka

Samtidig er det sannsynleg at avstanden mellom blokkene vil minka ein del. Dei raud-grøne har mange sympatisørar sitjande på gjerdet, og ein god del av dei vil falla ned hos sitt gamle parti når det blir alvor. Ap har eit solid valkampapparat, LO vil gjera sin del av jobben på arbeidsplassane, og Jens er ein god debattant. Sp mobiliserer som regel sterkt på slutten, og kjerneveljarane deira har god grunn til å frykta ei blå-blå regjering. SV greier nok også sperregrensa til slutt, dersom ikkje då Miljøpartiet Dei Grøne skulle gjera eit altfor kraftig innhogg hos SV-veljarane.

Eit sannsynleg utfall er at Ap framleis kan bli det største partiet, at det ikkje blir blå-blått fleirtal, men at dei fire partia i opposisjon til saman vinn klart. Dermed blir det største spenningsmomentet i valkampen ikkje kven som blir ny statsminister, men korleis den neste regjeringa vil sjå ut.  

Taktisk stemmegiving på borgarleg side?

Dragkampen mellom dei fire partia som har sagt at dei vil skifta ut Jens, er i gang for fullt. Og dersom veljarane tar det for gitt at det blir skifte, kan det opna for mykje taktisk stemmegiving. Her ligg det ein liten fare for Høgre, som risikerer lekkasje i begge endar av lyseblå eller mørkeblå veljarar som ønskjer å påverka korleis den nye regjeringa skal sjå ut. Det er, for å seia det forsiktig, ingen liten forskjell på ei blå-blå regjering og ei regjering av Høgre og sentrum.  Men at statsministeren i den neste regjeringa vil heita Erna Solberg, er det liten grunn til å tvila på når Ola Nordmann nå går inn feriemodus.