Derfor taper Jens på Vestlandet

 

Dagens Rogalands-måling i Stavanger Aftenblad og Haugesunds Avis er eit nytt katastrofevarsel for dei raud-grøne.

Av 13 faste mandat på rogalandsbenken går ti til opposisjonen, åtte av desse igjen til Høgre og Frp. Regjeringssida står igjen med tre mandat, alle til Ap. At utjamningsmandatet sannsynlegvis vil gå til Sp eller SV, forandrar lite på situasjonen.

Rogaland ligg dermed i tet i kappløpet om å vera det blåaste fylket i landet. Men tendensen er den same på heile Vestlandet. Med unntak for Sogn og Fjordane er det klart blå-blått fleirtal i heile landsdelen.  Ap-sekretær Raymond Johansens tøffe parole om å vinna Vestlandet er blitt tafatt prat.

Gammalt sentrumsland blir blått

Nå har aldri Vestlandet vore nokon bastion for sosialismen. Bøndene og fiskarane i landsdelen sat oftast i små kår, men det var liten forskjell på folk, så klassekamp hadde dei liten sans for. Arbeidarpartiet sleit fælt med å vinna innpass i bygdene på Vestlandet.

Men det gjorde også Høgre. I kjerneområdet for motkulturane –  bedehuskristendom, fråhaldssak og nynorsk – var brennevins- og riksmålspartiet Høgre eit framandelement utanom dei større byane.

Vestlandet var politisk sentrumsland, der særleg Venstre og KrF hadde langt større oppslutning enn i resten av landet.

I dag er det mindre igjen av dette særtrekket, sjølv om KrF ennå ligg høgare i vest enn på landsbasis.  Den frodige politiske fargepaletten på Vestlandet er blitt stadig meir dominert av blått i ulike nyansar.

Kva har skjedd?

Økonomisk suksess

Vestlandet er i dag ei økonomisk suksesshistorie. Landsdelen står for 30 prosent av verdiskapinga i landet. Olje, fisk og maritim industri står for ein stor del av norsk eksport. Arbeidsløysa er låg, og velstanden aukar, spesielt i dei mest oljesmurte områda på Sørvestlandet. Tilflyttinga til byane er sterk også i denne delen av landet.

Den moderne vestlendingen er i dag eit velberga, urbant middelklassemenneske, som i aukande grad ser Høgre som sitt naturlege parti. Overgangen er blitt enklare av at Høgre i vest har ein utprega lyseblå profil – i sentrale partimiljø gjerne omtalt som ”Kommunist-Høyre”.   I byar som Stavanger og Haugesund har Høgre manøvrert seg inn som det store, samlande sentrumspartiet, med støtte frå 35-40 prosent av veljarane ved dei siste kommunevala.  I 2011 var Bergen oppe på same nivå.

Legg så til at Frp gjer det over gjennomsnittet sterkt i alle vestlandsfylka minus Sogn og Fjordane, og du får Norges mest høgrevridde landsdel.

Kunne det gått annleis? Kunne moderniseringa og urbaniseringa av Vestlandet i staden kome Arbeidarpartiet  til gode?

Ap=Oslo

På 1980-talet såg ein visse tendensar til at Vestlandet var i ferd med å bli meir likt resten av landet, også i politisk forstand. Men den utviklinga har stoppa opp. I staden er mange vestlendingar blitt beint fram aggressive mot Ap og dei raud-grøne.

For om det er noko den nye, økonomisk sjølvsikre vestlendingen er overbevist om, så er det at suksessen er hans eige verk. Han har så visst ikkje fått almisser frå staten. Tvert om, staten betyr byråkratisk heft , og i Oslo driv dei berre med uproduktiv penge- og papirflytting, det er noko alle vestlendingar veit.

Og staten, det er Arbeidarpartiet, det.

Naturstridige Erna

Stadig oftare høyrer ein vestlendingar snakka om at ”me burde lausriva oss og danna ein eigen stat”. Det er mest spøk, naturlegvis, men ikkje alltid. Det har vore på tale å stifta eit vestlandsparti for å få meir igjen av den nasjonale kaka. Få vestlendingar meiner dei får sin del. Når raud-grøne politikarar håpar på å sanka stemmer ved å lansera store, nye fjordkryssingsprosjekt langs vestlandskysten, smiler vestlendingen sarkastisk og minner om at dei stort sett skal betalast av vestlendingane sjølve, med bompengar.

Noko vestlandsparti vart det ikkje. I staden er det Høgre og Frp som i dag surfar på vestlandspatriotismen. Mens Jens og dei raud-grøne styrer i Oslo, talar ein hærskare av ordførarar og fylkesordførarar frå høgresida Vestlandet sine interesser. Veljarane i vest ser det, og dreg sine konklusjonar.

Men snart kan Oslo-makta bli representert av ein Høgre-statsminister frå Bergen. Det passar liksom ikkje heilt inn i verdsbildet  her vest. Vestlandsfanden sjølv må vita korleis vestlendingane då vil reagera politisk. Men enn så lenge er det blått, blått og atter blått som gjeld.