Kan sentrum gjenoppstå?

 

Mange vil samla sentrum, men det er eit like aktuelt spørsmål om Venstre og KrF vil halda saman perioden ut.

Etter at Kristeleg Folkeparti og Venstre sa nei til å sitja i regjering med dei blå-blå, ser enkelte sjansen til å gjenoppliva det gamle sentrumssamarbeidet.

Spesielt frå Senterpartiet, som nå er fristilt frå det raud-grøne samarbeidet, kjem det invittar.  Nestleiar Ola Borten Moe seier til Nationen at det er ”ein fascinerande tanke” om sentrum kan samlast igjen etter 12 år frå kvarandre, men han innser at det kan ta tid. KrF-leiar Knut Arild Hareide er samd med Borten Moe, mens nestleiar i Venstre, Terje Breivik, uttaler seg meir avventande. Utanfor dei tradisjonelle sentrumspartia har Rasmus Hansson frå Miljøpartiet Dei Grøne peika på at sentrum, Arbeidarpartiet og Dei Grøne faktisk har fleirtal i det nye Stortinget.

Dette er i beste fall framtidsmusikk. Venstre og KrF har gjennom samarbeidsavtalen forplikta seg til ein allianse med Høgre og Frp, i alle fall inntil vidare. Tida vil visa om dette blir eit varig arrangement, om Venstre og KrF etter kvart finn vegen inn i ei breiare borgarleg regjering eller om det borgarlege samarbeidet sprekk og dei to sentrumspartia søkjer seg andre partnarar. Det er avhengig både av korleis dei blå-blå steller seg i regjering og om Arbeidarpartiet i opposisjon kan byggja opp tillit i sentrum. Dit er det eit godt stykke.

Sp mot Venstre

Avstanden dei tre sentrumspartia imellom er mindre, men likevel stor nok. Mykje vatn har runne i havet sidan sentrumsregjeringa sine dagar i 1997-2000. Dei tre partia har valt ulike regjeringsalliansar, og også politisk står dei lenger frå kvarandre enn for 15 år sidan.

Det gjeld spesielt Senterpartiet og Venstre.

Senterpartiet er nede på grunnfjellet og framstår i dag tydelegare som eit interesseparti for bønder og bygdefolk. Den breie appellen som partiet hadde under EU-kampen forsvann fort.  Liv Signe Navarsete baserte valkampen sin på å mobilisera kjerneveljarane i Distrikts-Norge.

Venstre har gått i motsett retning. Det er i dag eitt av våre mest urbane parti. Ein tredel av Venstre-stemmene i år kom frå Oslo og Akershus. Store delar av By-Venstre og  Unge Venstre ser på Senterpartiet som eit bakstrevarparti, og mange meiner det berre er eit tidsspørsmål før Venstre går over på ja-sida i EU-spørsmålet. Det er lenge sidan Odd Einar Dørum som Unge Venstre-leiar var fast gjest på landsmøta i Senterungdommen og som regel fekk ei eller to stemmer i leiarvalet der.

Motviljen mot Sp viser seg også i ei undersøking som Respons Analyse gjorde for statsvitaren Hilmar Rommetvedt i valkampen. Der seier 41 prosent av Venstre-veljarane at dei ”under ingen omstendighet” vil gå i regjering med Sp. Berre 26 prosent seier at Sp og Venstre godt kan vera i regjering saman, 32 prosent svarar ”til nød”. Venstrefolk er til samanlikning langt meir opne for Arbeidarpartiet: 51 prosent kan godt vera i regjering med sosialdemokratane, berre 32 prosent avviser det blankt.

Senterpartistane er ikkje så negative til Venstre som omvendt, men det er påfallande  at Sp og KrF står kvarandre mykje nærmare både i politiske standpunkt og på veljarplanet. KrF prøver blant anna å konkurrera med Sp om landbruks- og distriktsveljarane, mens Sp har løfta nokre av KrF sine hjartesaker i det raud-grøne samarbeidet.

Venstre-farvel til KrF?

 Nå er Venstre eit nokså amøbisk parti som skifter ut store delar av veljarflokken ved kvart val. Dermed kan ein ikkje utelukka at partiet kan endra politisk profil raskare enn dei fleste andre. Men  den kursen Venstre held i dag, peikar på lengre sikt like gjerne mot Høgre som mot dei to andre sentrumspartia. Heller enn å byggja ei ny sentrumsblokk er det spørsmål om Venstre og KrF vil halda saman stortingsperioden ut. Unge Venstre-leiar og nyvald stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn har alt opna for at Venstre kan seia farvel til sentrumskameraten KrF. Akkurat nå er det risikabel ferd, men mykje kan skje på dei neste fire åra.  

Taktikk kan ramma dei store

Dei neste to døgna vil kandidatar og valkampmedarbeidarar gjera ein siste desperat innsats for å kapra usikre veljarar. Eigentleg er det litt rart. For i sitt stille sinn reknar alle med at det store spørsmålet  – Jens eller Erna? – for lengst er avgjort. Valkampen har ikkje endra vesentleg på det politiske bildet som har vore tydeleg det siste året: Eit klart fleirtal i folket vil ha regjeringsskifte.

Men under det store dramaet er det mange små som utspelar seg nå i sluttspurten. Fem parti ligg i nærkamp med sperregrensa, og i dei fleste fylke er det små marginar mellom suksess og fiasko for parti og enkeltkandidatar.

Uklart om Erna-regjering

Dessutan: Om det er ganske klart at det blir regjeringsskifte, er det mykje meir uvisst kva regjering som skal avløysa Jens Stoltenbergs mannskap. Blir det ei blå-blå eller blå-grøn-gul  regjering, eller endar det opp med at Erna styrer aleine? Som alle dei borgarlege partileiarane har slått fast: Det er styrkeforholdet mellom partia etter valet som skal avgjera det.

Men dermed kan dei ha opna opp for taktisk stemmegiving i eit omfang som me tidlegare ikkje har sett her til lands.

Det viser ikkje så tydeleg på dei nasjonale målingane, sjølv om det er påfallande at Ap og Høgre ikkje gjer det betre når så mykje av den sentrale valkampen har handla om duellen mellom Jens og Erna.

På fleire av dei siste fylkesmålingane ser me derimot ganske kraftige utslag.  Høgre taper for eksempel 3,8 prosentpoeng i Nord-Trøndelag, 6,7 i Sør-Trøndelag, 5,6 i Oppland, 2,9 i Nordland og 4,7 i Sogn og Fjordane. På dei fleste av desse målingane går samtidig Frp, KrF og Venstre fram.

Gryta hennar Erna

Høgre er på sett og vis ei stor gryte med veljarar som dei andre borgarlege partia ausar av, dels for å sikra utsette mandat for den borgarlege alliansen, dels for å påverka profilen til den framtidige Erna-regjeringa.

På den eine sida har me ”Olav Thon-segmentet”, som prøver å lokka Høgre-veljarar over til Frp, slik at det kan førast «skikkeleg Høgre-politikk».

På den andre sida fiskar Venstre og KrF etter dei lyseblå Høgre-folka som er ukomfortable med at Frp får for mykje makt.

Høgre har tilsynelatande tatt trusselen om taktisk stemmegiving med ro. Det viktigaste er at det borgarlege fleirtalet er stabilt, har vore Ernas mantra når ho har kommentert tilbakegang for Høgre. Men dersom overgangane til dei andre borgarlege partia aukar på i sluttfasen, kan det bli ei ganske trasig valnatt for Høgre, sjølv om regjeringsmakta blir sikra. Erna bør helst vera nærmare 30 enn 20 prosent for at Høgre skal få den dominerande stillinga i ein ny regjeringsallianse som partiet har sett for seg.

SV lokkar venstre-Ap

Også på raud-grøn side ser me teikn på taktisk stemmegiving. Kampanjen for å berga SV over sperregrensa ser ut til å lykkast, og det er neppe tvil om at ein del Ap-folk denne gongen hoppar over til SV for å styrka den radikale venstresida  i det nye Stortinget . Men dermed dempar dei også den framgangen Ap kunne få nå i innspurten.

Omfanget av taktisk stemmegiving skal ikkje overdrivast. Den krev politiske kunnskapar som langt få alle veljarar har. Men dei partia som kan tena på det, vil i alle fall gjera sitt beste for å overbevisa folk om at det denne gongen kan vera klokt å stemma på eit anna parti enn det dei hadde tenkt.

Bli derfor ikkje overraska om oppteljinga måndag kveld viser at dei to store  – og særleg Høgre – får eit dårlegare resultat enn det har sett ut til så langt. Og det er heller ingen sensasjon om det i år blir større forskjellar frå fylke til fylke enn vanleg ved eit stortingsval. Dei taktiske stemmene går dit veljarane trur dei gjer mest nytte. Og det treng ikkje vera likt i Oslo og i Sogn og Fjordane.

Kva vinn Ap på å stå aleine?

Sist veke publiserte TV2 ei måling som viste at Arbeidarpartiet ville gått fram 4,6 prosentpoeng dersom partiet hadde kvitta seg med samarbeidspartnarane SV og Senterpartiet. Det er særleg dei såkalla «Arne Olav-veljarane» i gråsonen mellom Ap og Høgre som då kan falla ned hos Jens.  Tor Mikkel Wara og Torbjørn Giæver Eriksen har lagt stor vekt på denne veljargruppa i  «Valgflesk»-bloggar» nyleg:

Tor Mikkel Wara: Stoltenbergs møllesteiner

Torbjørn Giæver Eriksen: Jens må overbevise Arne Olav

Det er heller ingen tvil om at denne gruppa kan bli utslagsgivande i eit jamnt val mellom dei to blokkene, og i kampen mellom Ap og Høgre om å bli størst.

«Dersom, viss» kan føra vill

Men det er også farleg å leggja for stor vekt på målingar med hypotetiske spørsmål. Då striden mellom Jens Stoltenberg og Thorbjørn Jagland var på det heitaste på slutten av 1990-talet, peika målingane mot at Ap ville få kjempeframgang dersom partiet skifta ut Jagland med Stoltenberg. Det gjekk som kjent ikkje slik, og etter halvtanna år som statsminister i ei rein Ap-regjering gjorde Jens Stoltenberg det dårlegaste valet for partiet i nyare tid med 24,3 prosent. Går me endå lenger tilbake, vil ein del hugsa målingane som spådde massiv overgang frå nei til ja til EU dersom svenskane sa ja. Til slutt vart «svenskesuget» nokså slapt.

Dersom me skal vurdera det realistiske omfanget av veljarutvekslinga mellom Ap og Høgre kan det vera nyttig å sjå på kor stor den faktisk har vore ved dei siste stortingsvala. Det har Statistisk sentralbyrå målt systematisk i sine valundersøkingar, og tala er som følgjer:

1993: 2,4 prosent netto av den totale veljarmassen gjekk frå Høgre til Ap.

1997: 0,1 prosent (favør Høgre)

2001: 2,8 prosent (favør Høgre)

2005: 2,4 prosent (favør Ap)

2009: 0,6 prosent (favør Høgre).

Ved alle desse stortingsvala, med unntak av 2001, har Ap hatt større utveksling med andre parti. I det EU-dominerte 1993-valet tapte partiet 2,8 prosent av den samla veljarmassen til Sp, i 1997 1,5 prosent til KrF, i 2005 fekk Ap 3,8 prosent frå SV og i 2009 1,0 prosent frå Sp og  0,9 prosent frå SV. Det einaste året der utvekslinga med Høgre var størst, i 2001, var det nesten like mange, 2,7 prosent, som gjekk frå Ap til SV.

Ap slåst på fleire frontar

Dette betyr ikkje at utvekslinga med Høgre er uviktig, men at Ap også har andre viktige frontar å kjempa på. Og det kan henda at betydninga av forholdet Ap-Høgre blir ein del overdrive i den Oslo-baserte meiningsberande eliten, både fordi  hovudstadsområdet tradisjonelt har vore nærmare eit topartisystem enn resten av landet, og fordi desse miljøa ofte er praktisk maktorienterte og eigentleg oppfattar Ap og Høgre som dei einaste truverdige og regjeringsdyktige partia.

Ein valkamp – eller politikk – der Arbeidarpartiet legg det aller meste av innsatsen i å vinna veljarar i grenselandet mot Høgre, gjer partiet sårbart på andre frontar, ikkje minst for lekkasje til sofaen av veljarar som synest partiet blir for tamt og utydeleg. Klare frontar kan virka mobiliserande.

Personar overvurdert

Tor Mikkel Wara legg i tillegg vekt på ei måling som viser at folk flest synest partileiarane til SV og Sp gjer ein dårleg jobb, og at Navarsete og Lysbakken dermed også kan dra storebror Ap nedover. Nå viser utviklinga på dei siste målingane at begge dei to raud-grøne småpartia har tatt seg litt opp. Det skuldast neppe partileiarane sin innsats, kva ein nå måtte meina om den, men at dei fleste veljarane legg vekt på andre ting.

Forskingsleiar Hilmar Rommetvedt ved IRIS i Stavanger har heilt tilbake til 1980-åra undersøkt kva som avgjer folks partival. Årets undersøking, som kom i sist veke, viser at berre 13 prosent legg mest vekt på partileiarar og kandidatar. Denne prosenten går nedover, på 1990-talet var han over 20. Som apropos til diskusjonen om Arne Olav-veljarane kan det likevel vera verd å notera seg at det er litt fleire av Ap- og Høgre-sympatisørane som meiner at partileiarane er viktigast. For desse kan duellen mellom Jens og Erna ha ein del å seia, men ikkje nødvendigvis for så mange andre.

Talet på dei som gjer sitt val ut frå allmenn tillit til partia går også nedover, og er nå på 22. Dei aller fleste, 60 prosent, oppgir at dei tar standpunkt ut frå partia sitt standpunkt til politiske saker. Denne prosenten har aldri vore høgare.

Populærforestillinga om at politikken blir stadig meir personorientert kan nok stemma om ein ser på mediedramaturgien i ein valkamp, men på veljarplanet ser det ut til å vera ein myte.

 

Taklar Erna motgangen?

Mønsteret for innspurten i valkampen avteiknar seg: Det store Høgre-forspranget er i ferd med å bli innhenta.

Det er ikkje uventa. Dei fleste observatørane har spådd at det ville gå slik. Spin-dokterane i Høgre har også flittig mint om at partiet var på eit historisk og kanskje urealistisk høgt nivå på målingane det siste året. Det gjeld å ikkje gjera fallhøgda for stor.

Psykologi og politikk

I ein moderne valkamp er det mykje psykologi. Sjølv med den «dårlege» målinga frå TV2 på 26,8 prosent i går, ligg Høgre an til å gjera eit av sine beste val nokon gong. Sjansane for at det blir regjeringsskifte og at Erna Solberg blir den nye statsministeren er stadig overveldande. Men når eit parti begynner å tapa terreng midt i ein valkamp, breier det seg lett nervøsitet i rekkene. I verste fall raknar det fullstendig, og vinnaren endar opp som tapar. Høgre har også opplevd det.

I ein slik situasjon kviler mykje av ansvaret på partileiaren. Og i utgangspunktet skulle Erna Solberg vera robust nok til å bera det. Ho har vore ute ei vinternatt før. Det var ikkje tilfeldig at ho fekk tilnamnet «Jern-Erna» som kommunalminister. Og det er ikkje meir enn vel fire år sidan Høgre låg elendig an på målingane, og Erna var nær ved å bli kasta.

Denne gongen er det likevel annleis. I lang tid har det politiske miljøet forskottert at Erna vil bli den nye statsministeren. Høgre har sett heilt utilnærmelege ut. Og sjølv om ein fornuftsmessig forstår at løpet ikkje er kjørt og den avgjerande etappen ennå står igjen, er det likevel fare for at ein inst inne tar sigeren for gitt. Den same psykologiske mekanismen gjer seg gjeldande hos veljarane. Når det viser seg at valet kanskje ikkje var så avgjort likevel, kan mykje skje.

Ukomfortabel i forsvar

Det må også seiast at Høgre lenge har opplevd «fina veret og beine veien», som me seier i Rogaland. Den mykje omtalte snuoperasjonen «frå milliardar til menneske» fekk lenge pågå utan noko særleg kritisk søkelys. Ernas runde og avvæpnande stil har medverka til det. Men også Høgre måtte vera førebudd på at det ville bli heilt annleis i valkampen. Når partiet på førehand var utropt til valvinnar, blir det ikkje så enkelt å driva valkamp som opposisjonsparti. Høgre må forsvara seg meir enn dei liker.

Så langt i valkampen kan det sjå ut som at Erna Solberg ikkje har vore heilt klar for ein slik situasjon. Jens Stoltenberg fekk henne ut av stilen i den første partileiardebatten, og ho reagerte irritabelt då NRK konfronterte henne med  NHH-rapporten om formuesskatten som gjekk Høgre imot. At ektemannen Sindre Finnes tvitrar i veg med krav om at NRKs Ingunn Solheim måtte fjernast, er meir ein kuriositet som må skrivast på kontoen for overivrig ektefellehjelp, men det byggjer opp under eit inntrykk av at Solberg og miljøet rundt henne er i overkant hårsårt og nervøst, og ikkje er heilt komfortabelt i motgang og ikkje-regisserte situasjonar.

Kor farleg er det?

I TV2s partileiardebatt i går kveld var det tydeleg at Solberg ville motverka dette inntrykket, og ho la for dagen ein raus og humoristisk stil. Men då Audun Lysbakken provoserte henne med å visa til dårleg eldreomsorg i Høgre-styrte kommunar, gnistra ho til igjen.

Temperament treng ikkje vera negativt, men når Erna Solberg så lenge har forsøkt å framstå som statsmannsaktig, er ho sårbar om ho lar seg riva med i småkrangling. Det vil utan tvil dei raud-grøne prøva å utnytta i innspurten.

Kor farleg er dette for Erna og Høgre? I utgangspunktet vil eg hevda at den personlege faktoren ofte blir overdriven i politiske analysar. Dei fleste stemmer ut frå saker, interesser og kor dei føler seg heime i det politiske landskapet. Men i ein valkamp som er den mest duell-prega sidan Gro og Kåre si tid, blir partileiarane sin stil og karakter viktigare. Det gjeld ikkje minst  «Arne Olav-veljarane» som ligg i gråsonen mellom Høgre og Ap, veljarar som er lite ideologiske, men som først og fremst etterspør stabilitet og styringsevne. Og det er desse veljarane som til slutt kan avgjera regjeringsspørsmålet.

 

Blir Dei Grøne årets sensasjon?

Stakkars Audun Lysbakken. Her har han snakka om klima og miljø så mykje at han får sin eigen ungdomsorganisasjon på pukkelen. Og så opplever han at Miljøpartiet Dei Grøne skvisar han ut av Hordalands-benken.

Dagens meiningsmåling for Hordaland i Bergens Tidende er sensasjonell. Med 6,1 prosent av stemmene er Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) blitt det femte største partiet i fylket – større enn både SV, Venstre og Senterpartiet.

Dette er ikkje den einaste regionale målinga som gir MDG oppsiktsvekkjande gode tal. I Sør-Trøndelag får partiet 4,2 prosent. Og i Nordland og Troms, fylke som ein skulle tru står kulturelt ganske fjernt frå den urbane miljøverntradisjonen («nei til pelsdyr og kvalfangst») som MDG representerer, oppnår dei grøne 3,6 prosent. Den harde kampen om miljøveljarane i nord får elles den paradoksale konsekvensen at ingen av partia som er mot oljeboring utanfor Lofoten, Vesterålen og  Senja får direkte mandat. Ja til olje-partia Ap, Høgre og Frp stikk av med alle representantane frå Nordland og Troms, om dagens måling i Nordlys slår til.

Kan klara sperregrensa

Men altså, Miljøpartiet Dei Grøne er i framgang. Og fylkesmålinga tyder på at det nasjonale barometeret i VG 12. august, som gav MDG 3,8 prosent, ikkje var ein feilmargin-glipp. Dei grøne har faktisk reelle sjansar til å klara sperregrensa på 4,0 prosent og koma inn med sju-åtte representantar. Det gir valkampen eit heilt nytt spenningsmoment.

Kvifor skjer dette nå?

Miljøpartiet representerer eigentleg ikkje så mange nye tankar. Ei radikal miljøtenking med brodd mot forbrukar- og vekstsamfunnet har gjort seg gjeldande i norsk debatt heilt sidan tidleg på 1970-talet, då Arne Næss lanserte økofilosofien og Erik Dammann grunnla Framtiden i våre hender. Men i motsetning til land som Tyskland og Sverige fekk aldri Norge eit sterkt grønt parti. Dei etablerte partia tok opp i seg såpass mykje av dette tankegodset at det ikkje var grunnlag for ein nykommar som konkurrerte om miljøveljarane. Venstre og SV var miljøparti, til dels også KrF og Sp. Og i Ap langa den gamle fagforeiningskjempa Thorbjørn Berntsen ut mot forbrukarkultur og materialisme, mens Kåre Willoch sat i hornet på veggen i Høyres Hus og vart stadig grønare.

Grønt mot grått

Men i år er det altså annleis. Det kan ha fleire forklaringar, for eksempel at det er blitt større gjenklang i Norge for den type miljøvern med idelogisk tilknyting til alternativrørslene som MDG står for. Men den viktigaste grunnen trur eg er den sterke konsentrasjonen om regjeringsspørsmålet i valkampen så langt.

Duellar mellom Jens og Erna om formuesskatt, OPS-finansiering og privat helse interesserer denne typen unge, idealistiske veljarar midt i ryggen. Det er ein dagsorden for den velberga, materialistiske og matleie middelklassen, slik dei ser det. Dei verkeleg viktige sakene for denne gruppa, som klima og miljø, krig og global urettferd, og Norges rolle som nyrik oljenasjon i verda, blir ikkje diskuterte av dei to store, fordi dei eigentleg er ganske samde om desse spørsmåla.

Samtidig er dei meir miljøorienterte SV og sentrumspartia blitt mindre truverdige, fordi dei i regjeringsspørsmålet står fram som haleheng til kvart sitt store parti. Dei protesterer for all verda, men følgjer med på ferda. Dermed har MDG greidd å få gjennomslag hos ganske mange for at valet ikkje står mellom raudt og blått, men mellom grønt og grått.

Kan det halda heilt fram?

At valet dessutan synest ganske avgjort, gjer også jobben lettare for dei grøne. Dersom SV og dei raud-grøne uansett vil tapa, er det mindre risikabelt å stemma i protest for ein grønare politikk. Den situasjonen er også til fordel for Raudt, som også har gode sjansar til å koma inn frå Oslo.

Kor sannsynleg er det så at den grøne stemningsbølgja vil halda heilt fram til valdagen? MDG vil heilt sikkert bli utsett for harde angrep, og må svara for seg på breiare front enn berre dei typiske miljøsakene. MDG vil bli konfrontert med hasjliberalisering, oljestans og andre ytterleggåande standpunkt. Det kan partiet sikkert få problem med, men samtidig gjer det at dei grøne vil stå meir sentralt i debatten. Problemstillinga «for eller mot MDG» er ein ønskesituasjon for eit slikt parti.

Skulevala blir avgjerande. Dersom MDG gjer det godt der, noko som ikkje er usannsynleg, vil svært mykje medieinteresse bli retta mot partiet i innspurten. Fleire parti vil måtta justera sine opplegg for å møta konkurransen frå MDG. Sjølv om SV hittil har vore mest sårbare, viser ein analyse på nettstaden pollofpolls.no, basert på den siste VG-målinga, at MDG også gjer store innhogg blant tidlegare Ap- og Venstre-veljarar. Berre Høgre og Frp ser ut til å vera immune mot tap til dei grøne.

 

 

 

Tre parti på Tinget – eller kanskje ni?

I dag er sju parti representerte på Stortinget. Målingane viser at berre tre av dei – Ap, Høgre og Frp  – kan vera heilt sikre på å koma over sperregrensa på 4 prosent. Både KrF, Sp, SV og Venstre lever farleg. Måndagens måling frå TV2 viste at både KrF og Venstre var under streken. På andre relativt ferske målingar er det dei raud-grøne juniorpartnarane Sp og SV som har ramla gjennom golvet.

Kjedeleg politikk

I teorien kan me altså få eit Storting med berre tre parti. Det vil vera eit deprimerande valutfall. I tillegg til at eit slikt Storting blir gudsjammerleg grått og kjedeleg, vil det mangla ein kraftfull opposisjon i ei  rekke viktige saker: miljø- og oljepolitikken (alle de tre store er i realiteten for oljeaktivitet i Lofoten og Vesterålen), EU og EØS, asyl- og innvandringspolitikken, landbruks- og distriktspolitikken. Norsk politikk vil bli meir eindimensjonal, og viktige synspunkt som ofte har brei støtte i folket, vil få ei svakare stemme på Stortingets talarstol.

Nå er det heldigvis minimal fare for at det skal skje. Mitt tips er at minst tre av dei fire småpartia på Stortinget i dag vil klara sperregrensa. Og sjølv om enkelte skulle falla gjennom, er det sannsynleg at dei likevel vil bli representerte på Stortinget frå enkeltfylke, slik Venstre er i dag frå Oslo og Akershus.

Slik er utsiktene

Sjansen er faktisk langt større for at Stortinget i neste periode kan få heile ni parti. Det vil i så fall vera rekord i norsk politisk historie. Men meir om det seinare, la meg først prøva meg på ei rangering av utsiktene til kvart av småpartia på dagens Storting:

Med all respekt for TNS Gallup/TV2 si måling på 3,7 prosent, trur eg Kristeleg Folkeparti står på tryggast grunn.  Partiet har framleis eit trufast grunnfjell i kjerneområda sine, og det nye kristenkonservative partiet De Kristne representerer neppe nokon trussel. Partileiar Knut Arild Hareide er samlande, og har ein frisk stil som appellerer også til andre enn dei typiske KrF-veljarane. Regjeringsspørsmålet ser ut til å vera mindre problematisk for KrF enn for Venstre, men Hareide går på stram line mellom å uttrykkja ønske om regjeringsskifte og å markera avstand til Frp og den mest blå-blå politikken.

Sjansane for å kopiera 2009-resultatet med 5,5 prosent og ti mandat burde vera gode. Uansett er dei direkte mandata frå Rogaland og Hordaland sikre, sannsynlegvis også Vest-Agder.

 Senterpartiet vil nok også koma relativt heilskinna gjennom valkampen, sjølv om det blir vanskeleg å greia 6,2 prosent og få fornya kontrakt for alle dagens 11 representantar. Senterpartiet er kjent for å mobilisera godt i innspurten, og har ofte hatt dårlege målingar mellom vala.

På den negative sida må me notera ein generell regjeringsslitasje og at partileiar Liv Signe Navarsete ikkje står særleg sterkt verken blant eigne partifellar eller hos folk flest. Urbaniseringa gjer også sitt til at Sp sitt naturlege veljargrunnlag blant bønder og bygdefolk minkar for kvart val.

Samtidig er desse veljarane kanskje dei som har mest å tapa på ei blå-blå regjering, gitt dei signala som har kome om endringar i landbrukspolitikk, distriktspolitikk og kommunestruktur. For Sp kan det bli eit viktig mobiliseringsgrunnlag i valkampen.

Kampen om dei grøne

Sosialistisk Venstreparti har store problem, og har hatt det lenge. Partiet vart like stort som Sp i 2009, men har dei siste par åra stått litt svakare på målingane enn Navarsetes flokk. Leiarskiftet frå Kristin Halvorsen til Audun Lysbakken har ikkje gitt partiet noko løft.

I det siste har også Miljøpartiet Dei Grøne vakse fram som ein seriøs rival i kampen om dei radikale miljøveljarane. Dermed kan SV mista stemmer som er heilt kritiske for å halda på utsette mandat.

På den andre sida kan framveksten til Dei Grøne føra til at miljøspørsmåla vil stå meir sentralt i valkampen enn det tidlegare kunne sjå ut til. Det kan kanskje både SV og MDG tena på. Dagsorden er viktig. SV kan kanskje også få tilbake ein del veljarar frå Ap som stemmer taktisk for å berga SV over sperregrensa. Men då må kampen mellom blokkene bli jamnare enn det har sett ut til fram til nå, slik at veljarane opplever at dei raud-grøne faktisk har ein sjanse.

Venstre er også i år det partiet som eg trur ligg mest utsett til, sjølv om partiet har hatt gode målingar dei siste åra. Erfaringa viser likevel at Venstre slit når valkampen hardnar til, og regjeringsspørsmålet vil bli vanskeleg for partiet i år som i 2009. Ei måling i Stavanger Aftenblad i vår viste at kvar fjerde Venstre-veljar i Rogaland helst vil ha ei raud-grøn regjering. Desse veljarane sit laust når Jens Stoltenberg & Co i valkampen hamrar inn konsekvensane av eit regjeringssamarbeid med Frp. Og på same måte som SV kan Venstre vera utsett for veljarlekkasje til Dei Grøne. Eg vil derfor ikkje bli overraska om Venstre også i år så vidt missar på sperregrensa, men partiet ligg likevel godt an til å bli representert direkte frå dei mest folkerike fylka.

Raud-grøn protest

Altså vil me høgst sannsynleg sjå dei same sju partia på Stortinget også i neste periode. I tillegg kan me få to nye.

Miljøpartiet Dei Grøne har etablert seg som eit parti å rekna med sidan det kom inn i fleire by- og kommunestyre i 2011. I Oslo, der partiet stiller med den kjende miljøaktivisten Rasmus Hansson, er det nå definitivt i mandatposisjon, og sjansane er også til stades i Hordaland. MDG trekker proteststemmer særleg frå SV, men representerer også ei ny, urban form for miljøvern med tilknyting til alternativrørsla. Her kan det dukka opp mykje rart som partiet vil bli stilt til ansvar for.  Men så langt surfar partiet på ei medgangsbølgje som godt kan vara heilt til 9. september.

Raudt har berre vore representert på Stortinget i ein periode, då Erling Folkvord var inne frå Oslo i 1993-1997. Men det skal lite til før partiet greier det igjen, og i hovudstaden er terskelen senka i og med at Oslo har fått fleire mandat til fordeling.

Eit viktig poeng til slutt: Både for Raudt og MDG vil sannsynlegvis sjansane stiga dersom dei raud-grøne framstår som sjanselause til å vinna valet. Dersom regjeringa ikkje kan bergast uansett, er det meir risikofritt for radikale raud-grøne veljarar å senda ei stemme for ein friskare raud eller grøn politikk.

Kan det gå gale for Erna nå?

Måling etter måling, seinast i TV2 på måndag, viser solid fleirtal for regjeringsskifte, med Høgre som det dominerande partiet.  I over eit år har Høgre hatt ei stabil oppslutning på over 30 prosent på målingane. Gjennomsnittet for juni var på 32,0, faktisk ein liten framgang frå mai.

Likevel nøler Høgre-strategane klokeleg med å ta sigeren på forskot. Det har straffa seg før. I 1993 ramla Høgre som ein stein gjennom valkampen, og VG vreid kniven om i såret med den legendarisk brutale førstesida med Kaci Kullmann Five og ein tittel som fortalde at Høgre hadde tapt 350.000 veljarar. I 2001 steig Høgre til himmels som ein rakett like før ferien, og var om lag på dagens nivå på målingane. På valdagen måtte Jan Petersen & Co ta til takke med 21,2 prosent.

Det er alltid farleg å seia at ”denne gongen er det annleis”. Likevel er det sannsynleg. Det store forspranget og stabiliteten i oppslutninga for Høgre over tid talar for det.  Ønsket om regjeringsskifte etter åtte år med dei raud-grøne gjer det same. I det moderne Norge er det berre reint unntaksvis at ei regjering får meir enn fire år ved makta. Sist det skjedde var under Gro på 1990-talet, då EU-kampen dominerte dagsordenen og for ein periode gjorde Ap og Høgre til allierte.

Veljarane er ikkje redde nok

At regjeringane får stadig meir pengar til disposisjon hjelper dei ingenting, for forventningane stig endå raskare. Paradoksalt nok var det finanskrisa som berga Jens i 2009. Når veljarane blir redde, samlar dei seg bak det sitjande styret, slik me også såg det ei kort stund etter 22. juli. Men grunnhaldninga i Norge har lenge vore at det er på tide med nye kostar i regjeringskontora  – om ikkje nødvendigvis ein radikalt ny politikk. Erfaringa dei siste tiåra tyder då også på at det meste blir som før same kven som styrer.

Det vil altså vera ein sensasjon, grensande til eit mirakel, om dei raud-grøne skulle klara å snu stemninga i løpet av dei to månadene som er att. Dei har få kort igjen å spela ut. Godbitane i Nasjonal transportplan er registrerte med eit skuldertrekk. Lofoten og Vesterålen, den store kampsaka for SV, må partiet dela med mange andre. Den beste jordbruksavtalen på mange år har ikkje løfta Senterpartiet opp frå sperregrensenivået. Frp-skremselet er i ferd med å bli ein vits. Ein halv million veljarar vil ikkje strøyma tilbake til dei raud-grøne av frykt for handlingsregelen.

Dersom det ikkje skulle skje ein nasjonal eller internasjonal katastrofe, trur eg Erna har kontrollen på dette.  

Avstanden vil minka

Samtidig er det sannsynleg at avstanden mellom blokkene vil minka ein del. Dei raud-grøne har mange sympatisørar sitjande på gjerdet, og ein god del av dei vil falla ned hos sitt gamle parti når det blir alvor. Ap har eit solid valkampapparat, LO vil gjera sin del av jobben på arbeidsplassane, og Jens er ein god debattant. Sp mobiliserer som regel sterkt på slutten, og kjerneveljarane deira har god grunn til å frykta ei blå-blå regjering. SV greier nok også sperregrensa til slutt, dersom ikkje då Miljøpartiet Dei Grøne skulle gjera eit altfor kraftig innhogg hos SV-veljarane.

Eit sannsynleg utfall er at Ap framleis kan bli det største partiet, at det ikkje blir blå-blått fleirtal, men at dei fire partia i opposisjon til saman vinn klart. Dermed blir det største spenningsmomentet i valkampen ikkje kven som blir ny statsminister, men korleis den neste regjeringa vil sjå ut.  

Taktisk stemmegiving på borgarleg side?

Dragkampen mellom dei fire partia som har sagt at dei vil skifta ut Jens, er i gang for fullt. Og dersom veljarane tar det for gitt at det blir skifte, kan det opna for mykje taktisk stemmegiving. Her ligg det ein liten fare for Høgre, som risikerer lekkasje i begge endar av lyseblå eller mørkeblå veljarar som ønskjer å påverka korleis den nye regjeringa skal sjå ut. Det er, for å seia det forsiktig, ingen liten forskjell på ei blå-blå regjering og ei regjering av Høgre og sentrum.  Men at statsministeren i den neste regjeringa vil heita Erna Solberg, er det liten grunn til å tvila på når Ola Nordmann nå går inn feriemodus.    

 

 

Derfor taper Jens på Vestlandet

 

Dagens Rogalands-måling i Stavanger Aftenblad og Haugesunds Avis er eit nytt katastrofevarsel for dei raud-grøne.

Av 13 faste mandat på rogalandsbenken går ti til opposisjonen, åtte av desse igjen til Høgre og Frp. Regjeringssida står igjen med tre mandat, alle til Ap. At utjamningsmandatet sannsynlegvis vil gå til Sp eller SV, forandrar lite på situasjonen.

Rogaland ligg dermed i tet i kappløpet om å vera det blåaste fylket i landet. Men tendensen er den same på heile Vestlandet. Med unntak for Sogn og Fjordane er det klart blå-blått fleirtal i heile landsdelen.  Ap-sekretær Raymond Johansens tøffe parole om å vinna Vestlandet er blitt tafatt prat.

Gammalt sentrumsland blir blått

Nå har aldri Vestlandet vore nokon bastion for sosialismen. Bøndene og fiskarane i landsdelen sat oftast i små kår, men det var liten forskjell på folk, så klassekamp hadde dei liten sans for. Arbeidarpartiet sleit fælt med å vinna innpass i bygdene på Vestlandet.

Men det gjorde også Høgre. I kjerneområdet for motkulturane –  bedehuskristendom, fråhaldssak og nynorsk – var brennevins- og riksmålspartiet Høgre eit framandelement utanom dei større byane.

Vestlandet var politisk sentrumsland, der særleg Venstre og KrF hadde langt større oppslutning enn i resten av landet.

I dag er det mindre igjen av dette særtrekket, sjølv om KrF ennå ligg høgare i vest enn på landsbasis.  Den frodige politiske fargepaletten på Vestlandet er blitt stadig meir dominert av blått i ulike nyansar.

Kva har skjedd?

Økonomisk suksess

Vestlandet er i dag ei økonomisk suksesshistorie. Landsdelen står for 30 prosent av verdiskapinga i landet. Olje, fisk og maritim industri står for ein stor del av norsk eksport. Arbeidsløysa er låg, og velstanden aukar, spesielt i dei mest oljesmurte områda på Sørvestlandet. Tilflyttinga til byane er sterk også i denne delen av landet.

Den moderne vestlendingen er i dag eit velberga, urbant middelklassemenneske, som i aukande grad ser Høgre som sitt naturlege parti. Overgangen er blitt enklare av at Høgre i vest har ein utprega lyseblå profil – i sentrale partimiljø gjerne omtalt som ”Kommunist-Høyre”.   I byar som Stavanger og Haugesund har Høgre manøvrert seg inn som det store, samlande sentrumspartiet, med støtte frå 35-40 prosent av veljarane ved dei siste kommunevala.  I 2011 var Bergen oppe på same nivå.

Legg så til at Frp gjer det over gjennomsnittet sterkt i alle vestlandsfylka minus Sogn og Fjordane, og du får Norges mest høgrevridde landsdel.

Kunne det gått annleis? Kunne moderniseringa og urbaniseringa av Vestlandet i staden kome Arbeidarpartiet  til gode?

Ap=Oslo

På 1980-talet såg ein visse tendensar til at Vestlandet var i ferd med å bli meir likt resten av landet, også i politisk forstand. Men den utviklinga har stoppa opp. I staden er mange vestlendingar blitt beint fram aggressive mot Ap og dei raud-grøne.

For om det er noko den nye, økonomisk sjølvsikre vestlendingen er overbevist om, så er det at suksessen er hans eige verk. Han har så visst ikkje fått almisser frå staten. Tvert om, staten betyr byråkratisk heft , og i Oslo driv dei berre med uproduktiv penge- og papirflytting, det er noko alle vestlendingar veit.

Og staten, det er Arbeidarpartiet, det.

Naturstridige Erna

Stadig oftare høyrer ein vestlendingar snakka om at ”me burde lausriva oss og danna ein eigen stat”. Det er mest spøk, naturlegvis, men ikkje alltid. Det har vore på tale å stifta eit vestlandsparti for å få meir igjen av den nasjonale kaka. Få vestlendingar meiner dei får sin del. Når raud-grøne politikarar håpar på å sanka stemmer ved å lansera store, nye fjordkryssingsprosjekt langs vestlandskysten, smiler vestlendingen sarkastisk og minner om at dei stort sett skal betalast av vestlendingane sjølve, med bompengar.

Noko vestlandsparti vart det ikkje. I staden er det Høgre og Frp som i dag surfar på vestlandspatriotismen. Mens Jens og dei raud-grøne styrer i Oslo, talar ein hærskare av ordførarar og fylkesordførarar frå høgresida Vestlandet sine interesser. Veljarane i vest ser det, og dreg sine konklusjonar.

Men snart kan Oslo-makta bli representert av ein Høgre-statsminister frå Bergen. Det passar liksom ikkje heilt inn i verdsbildet  her vest. Vestlandsfanden sjølv må vita korleis vestlendingane då vil reagera politisk. Men enn så lenge er det blått, blått og atter blått som gjeld.