No er det alvor :-0

Sommarfuglar i vombe 🙂

Quickstep; hove som skal vera langt opp og ut, litt skrått til venstre, trinn som skal vera på tå og på hæl og lang kjole! Morgondagen vil syna om eg taklar det…

God helg folkens!

Kari

Hei igjen!

Me er nok ikkje det ivrigaste danseparet på blogging, men no skal me skjerpa oss!

Cha cha cha´en er overstått, sjølv om den ikkje vart topp levert. På laurdag er det quickstep som står for tur og den skal vera 50 -tals inspirert. Treninga er i full gang på dansefabrikken og no skvettar det faktisk litt sveitte på parketten 🙂

Me er begge råka av den irriterande haust basselusken so no hostar og harking me oss gjennom treningane. Godt dansen vår ikkje skal vera lenger enn 1.30!

Håpar du held deg frisk!

Kari og Egor

Hei og hå!

Etter nokre veker med trening på dansefabrikken, hadde me i dag vår siste cha cha cha- trening før premiæren i morgon. Me gledar oss veldig til å dansa for andre enn Rachel og Henke 😉

Det vert kjekt å høyra om dommarane likar våre cha cha cha trinn og sjå korleis me ligg ann i forhold til dei andre danseløvena. Me er gira og skal gi full gass!

Ha ei fortreffeleg flott helg og so håpar me du likar de du ser på parketten!

Helsing Kari og Egor