VMs største helt: Jesus med heimlengten

Gløm David Villa, gløm Arjen Robben. Kutt ut preiket om toppskårar, drit i kven som vann gullballen. VMs største helt er Jesus Navas. I kveld løfta spanjolen pokalen nede i Johannesburg. På sin første verkelig lange tur heimanfrå, blei han verdsmeister.

Eg lover: Dette er ei rørande historie. Men kvar skal vi byrje? Kanskje kan vi ta til i småbyen Los Palacios y Villagranca i Andalusia. Ein liten gut som blir løfta opp i lufta av faren. Hans første flytur, hengande i den lune vinden, faren under han, guten i himmelen, sky etter sky som siglar imot. Men guten skrik. Han vil ned igjen, ned på trygg grunn.

Ein gong må gutar bli menn, reise frå det første rommet, halde fram ut i verda der alt opnar seg. Mennesket har i seg ei lyst til å erobre verda, omfamne det framande. Det er imidlertid ikkje like lett for alle. Det finst dei som bare vil vere heime, dei vil bli verande i senga, dei vil vere på det første rommet, eller ta første fly heim om dei er på bortebane.

Jesus Navas var ein slik gut, ein tynn, hengslete gut som helst ville vere heime og spele fotball. Han var eit stort balltalent, teknisk, driblesterk, uthaldande. Men om han var fryktlaus på fotballbanen, var han fylt med frykt om han måtte reise bort. Kronisk heimlengt er ein sjukdom som lammar heile kroppen: motorisk, kognitivt, emosjonelt.

Navas sitt balltalent har fått han til å drible seg fram i La Liga. Denne sesongen har han vore forrykande god for FC Sevilla. Klubben har lykkast med å dempe angsten ved å ta spesielle omsyn, dei har reist bestemte ruter til bortekampar, dei har budd på hotell som Navas er familiær med. Resultatet er blitt ein høgreving i verdsklasse.

Jo, det har vore tilbakeslag. Då Sevilla skulle ha oppkjøring før sesongen i USA, måtte Navas melde pass. Han blei heime. Storklubbar i England og Tyskland har meldt si interesse, men sjukdomen til Navas har gjort ein eventuell overgang uaktuell. Og landslagsspel har ikkje vore til å tenke på med bortekampane, utanlandsreisene og turneringane på andre kontinent.

Fotballspelarar har denne auraen av verdsmenn rundt seg. Dei kjem ut frå fly eller luksusbussar i designerdressar, med sine digre Bose-hovudtelefonar, og dei ser ut som om dei eig verda. Vegen ut er levande, milevis og lokkande, fotballspelarane er dei som har makta å løfte seg høgt over det stusselige og montone som alt heime kan stå ut som.

Jesus Navas har vore annleis. I ein alder av 24 bur han framleis heime hos mor. Paradoksalt nok er han av sigøynarslekt, eit folkeslag kjent for si rastløyse ferd gjennom Europa i mange hundreår, ofte som resultat av rasisme og fordommar, men også som ein måte å leve på. Å vere i rørsle med storfamilien, å leve ute på lungdo drom, den lange vegen, har vore livet for mange sigøynarar.

Ikkje for Jesus Navas. Men i fjor meddelte Sevilla-spelaren at han var klar for landslagsspel dersom Vicente del Bosque hadde bruk for han. Navas hadde fått profesjonell hjelp, og ville forsøke å komme over si redsle for å reise. – Å spele for sitt land er det aller største, og eg håper at eg kan vere i stand til det, sa Navas på ein pressekonferanse i august.

Den 14. november debuterte han som innbyttar mot Argentina i Madrid. Han fikk ti minutt etter å ha erstatta Andres Iniesta. Etterpå tok han mikrofonen og takka kjærasten, broren og foreldra, alle folka heime. Han fikk applaus. Utrulig nok har publikum til Sevillas motstandarlag i La Liga ikkje utnytta hans angst så langt. Kunne det ha skjedd i Tippeligaen? Eller i Premier League?

Sidan har Navas dribla seg gjennom treningskampar mot Austerrike og Sør-Kora (der han skåra sitt første landslagsmål). I VM kom han innpå i opningskampen mot Sveits, han spelte frå start mot Honduras, og har sidan sete på benken. Men i VM-finalen kom han innpå igjen, spelte ein særs god kamp på vingen, var med i det avgjørande angrepet som endte med at Iniesta knalla ballen i mål.

Nummer 22 kunne gå opp på podiet, få gullmedalja si, juble med sine lagspelarar. Kanskje er ikkje Jesus Navas spelaren som har største æra for at Spania endelig blei verdsmeister, men for meg er han VM-helten. Her er ein mann som overkom sine eigne skuggar, ein ung mann som rista av seg sine søvnlause nervebana.

Jesus Navas sette seg inn i eit fly for å reise til Sør-Afrika og det uvisse. Han møtte si eiga frykt og blei verdsmeister. Ei vakrare historie får du ikkje. Reis heim no, Jesus. Reis heim til Andalusia og ver saman med dei folka du elskar.

Og no, alt som gjenstår: Stopp Nederland!

Albert Camus sa ein gong i 1952 at han ikkje ville avvise logikk. Han ville likevel avvise at ein erstattar levande realitetar med ideologiske argument bygd på logisk symmetri. Eg veit ikkje om den franske forfattaren kom fram til dette ved skrivebordet eller på fotballbanen, han var ein habil spelar som blei ståande i mål fordi den fattige mora meinte at han då ville slite mindre på fotballskorne.

VM går mot slutten, og det er bare å konkludere: Blekkspruten Paul har vore meir presis i sine spådommar enn all verdas høgt løna journalistar, ekspertar og spaltistar (inkludert underteikna). Alle analysane, alle tipsa, alle førehandssakene, kva var dei verdt? Ingenting. For eit fotball-VM har sin eigen dynamikk, kvar kamp er sitt eige drama, det nyttar ikkje å spå logisk om fotball utan å ta med seg dei levande realitetane.

Det var moro å høre paret Stokke/Eggen kommentere gårsdagens semifinale, der dei heile tida hang fast i eit forventa kampbilde, ei tru på at Spania var Tysklands perfekte motstandar. I dagane før kampen kunne vi lese spalte opp og spalte ned om at det blendande, tyske kollektivet kom til å radere ut den spanske, individuelle dynamismen. Dei ville kontre når spanjolane gikk lei balltrillinga eller gjorde ein sjeldan feil.

Det skjedde aldri, og det blei ein heilt annan type kamp enn dei to som Tyskland spelte mot England og Argentina. Det verka ikkje som Stokke/Eggen registrerte dette før eit godt stykke ut i andre omgang då Spanias overlegenheit var tydelig for alle. Men når det er sagt, kven hadde før VM trudd at Tyskland var det laget som skulle glede flest fotballhjarte med sin moderne, kontringsviljuge angrepsfotball?

Eit fotball-VM lever sitt eige liv. Messi, Ronaldo, Drogba, Rooney skulle vere dette VMs aristokratar. Dei reiste heim for å sole og skamme seg. Nike sine rådyre reklamefilmar der desse spelarane framstår som overjordiske heltar, verkar no nærmast som utdaterte stumfilmar. Opp frå undergrunnen kom spelarar som imponerte både åleine og som del av kollektiv: Özil, Villa, Forlán, Gyan.

Og Carles Puyol. Kven hadde før VM trudd at den langhåra 32-åringen skulle stange Spania til sin første finale med rå kraft? Før semifinalen i går kveld analyserte Viasat 4 seg fram til Puyol var Spanias svake punkt med sin manglande fart og sin risikable spelestil. Det var imidlertid ingenting i kampen som tyda på det, gjennom 90 minutt var Puyol lagets hjarte både bak og framme på banen.

Nei, kven hadde trudd? Brasil kom til Sør-Afrika for å spele som det nye Italia, dei hadde verdas beste forsvar og verdas beste målmann, i kvartfinalen spelte dei til og med i blå trøyer. Men då Julio Cesar oppførte seg slik vi trudde brasilianske målmenn forlengst hadde slutta å oppføre seg, var det som dei blå trøyene rakna og under fanst bare gammaldags gult, eit Brasil som rota i forsvar og som i staden for å drepe kampen mot Nederland, tok sitt eige liv på banen i Port Elizabeth.

Kven hadde trudd at VMs beste keeper skulle bli Uruguay sin spiss, Luis Suárez? Han hadde ingen problem med den flakkande Jabulani-ballen og redda suverent på streken då Ghana var på veg til semifinale i 122. speleminutt. Seinare jubla Suárez vilt i tunnelen då stakkars Gyan bomma på straffa, og han blei til slutt bore på gullstol av medspelarar som vann straffekonken. Uruguay, for nokre dårlige vinnarar! Kva med litt empati og stil?

Nei, fotball er ikkje logikk, fotball er ikkje ideologi eller eit heilskapelig system. Heile dette VM har ekspertane til dømes babla om sittende midtbanespillere. Eg har hørt det frå Nils Johan Semb, hørt det på BBC og ITV, lese om det i Mick McCarthy sine analysar, men eg har endå ikkje skjønt kva ein sitjande midtbanespelar faktisk gjør? Sitjer han bare der? Står han? Spring han? Eller er ein sitjande midtbanespelar rett og slett det ein i riktig gamle dagar kalte for ein midtbanespelar?

Ok, eg vil ikkje avvise at fotball kan vere logikk og symmetri, analysar og sitjande midtbanespelarar. Men mykje meir enn det, er fotball levande realitetar. Fotball er kjensler, fotball er emosjonar. Og alt som gjenstår no, er at Nederland ikkje må bli verdsmeister, sjølv om blekkspruten Paul visstnok har spådd det. Ja, sjølve meininga med dette VM er no heilt enkelt: Spania må spele slik at Nederland blir statistar på søndag.

Utan logikk og rasjonalitet: Nederland er det nye Tyskland. For eit hatlag. Dei nederlandske spelarane nyttar alle tjuvtriks i boka, dei har komme med rasistiske kommentarar på nettet, dei er bare ute etter å øydelegge ein kvar fotballkamp. Det blir sagt at Mark van Bommel ville ha takla si eiga bestemor i knehøgd dersom ho stod nær ein fotball. Måtte Nederland reise heim vennelause og pokallause.

Taparen. Sjølvbiografi (4. og siste del)

Fifa vann logoane og dei luftkondisjonerte romma,

dei vann bankfilialane og papegøyestemmene.

Fifa vann talarstolane og limusinane i nattas brann,

dei vann bilreklamane som flerra over fjernsynsskjermane.

Sepp Blatter vann colaautomatane og feriehusa ved havet,

han vann mobiltelefonane og himmelens kjølige klut,

xylofonane og eskortejentene som jobba til gullkortets song.

Pelé vann styreromma og dei blå badebassenga.

Platini vann trøflane og floridafasanane,

haifinnesuppa og dei frityrsteikte kremepla,

han vann kjøkkensjefane og all yankee-maten.

Angela Merkel vann VIP-tribunen og eau de colognen.

Joachim Löw vann taktikktavla og dei fine orda.

Tyskland vann kampen og kvartfinalen.

Mitt namn er Diego Armando Maradona.

Eg vann alle hjarta.

Secreto diarariiha for Fabio

I try to writa this in Inglese, as I muste improvise my languageses. I am back atta Kensington flat, London. There is army of fotografia lying otside in bushes. I here evalualte Worlde Cuppa 2010.

Si, we did it all the wronge way. We went to tournamento as championes, we came back as men normalo. So sade. Deserto Rosso.

I looke at interneto, the things Inglese have written all over me. They want me to go fucke myselfe. I leave some messages at commentatori-fieldo: Have you forgotten Svennis?

Mobilo rings. Itsa Becks. He wantsa tell me of some nuevo lotion he hasa discovero.

I earne 6 millione pounds each year from Inglese Football Associatione. For that amounte I can eate 1368 full Inglese breakfaste every day. I nevere does it.

I tooke Wayne Roonay witte me to South Africa. I am certain of it. I saw him on the plane. I saw him in the lobby. I saw him at dinero. But where was he on the pitche?

And Emilie Heskay? I wantenot even so muche talk about Emilie Heskay! Ok, lets talke about Heskey. Did Emilie Heskay have the ball more than uno time during the hole tournamente? Emilie? Whatta kinda name is that? I thoughte it wasa boys name!

That Robert Green-dude against Americano! I coulda not believe my designerglasses! And the disallowed goal of Frank Lamparde! With that ball inside, we only would have loste 4-2!

John Terry tryed to make revoluzione. I tolde John Terry: Gotta no respect?

Biip. Mobilomassage. Fotografia of a totally nude Ashley Cole. That man! That man! A nuevo massage: Wronge numero. Sorry. Go sorry yourself, Cole.

Night: Baldini, Galbiata, Tancredi and Neri comma over to flat. My musketero. My trustede men. We are going to evaluate Worldacuppa, but we is full of memories. We talka about days of Milanese, of days of Roma and Juve. It usedto be days like that.

That hurtsa me the mosta. We came here to teache Inglese how to defence. We are Italiano. We know defence. I told players: Defence, defence, defence. And what hapeneda against Germanese? We were as open as the smalltownputa!

If you putta 6 millione pounds aftere eachothere, it will getta you halfway from London to Milano. Soon I will be home.

I have no sensa of humore. If I had any sensa of humore, I wouldda have laffed my head offe.

What now, Fabio? I usad to be Il Divo. Now I have no futuro. Maybe thatsa price? The price of a lonely man. Six millione pounds. Thatsa what he coste.

I wanta to go outside, tella all fotografio, yes, I amma still here, yes, I amma still alive, yes I amma dissopointo. No, I wille not killa myselfe.

Silente notto. I take offa my Gucci-suit and my Bjorn Borga boxershorts. I standa naked in front of mirrore. My cocke hangs down like England. I am Fabio. I am solo.

Elefantens siste reise. Rapport frå Helvete Snackbar.

Eit brøl stig opp over Olhão idet kamera treff Ronaldo då nasjonalsongen blir avspelt. Han er den einaste på laget som ikkje syng, men dei syng for han, i kvar bustad står tv-en på, over alt sit dei klare for kamp, ut frå kvart vindauge, frå kvar balkong, kvar etasje, kvar skyvedør stig eit brøl som har von i seg. Spania skal sablast ned.

Eg går gjennom Olhão i den fine kvelden. Det er tv-ar over alt. Folk et middag ute, dei drikk kaffi, dei tar seg eit glas vin, dei røykar og speler kort, men blikka er retta mot nærmaste tv. Det er som å gå gjennom ein film frå sekstitalet, ei folkelivsskildring der du ser alle landsbytypane: politimannen, restauranteigaren, tullingen, fiskarane, gamlingane, ungane, kjærastepara.

Ikkje ein einaste bil kjører gjennom hovudgata, ikkje ein einaste moped kjem skramlande ned sidegatene. Portugal er samla i eitt punkt, tv-en som sendar directo frå Cape Town. Landslaget står klar i kvitt denne kvelden, landets beste menn skal vinne slaget om Iberia. Alt handlar om dette: veslebror skal slå storebror. Spania skal sablast ned.

Eg finn fram til Helevete Snackbar. Staden heiter faktisk det. Pubeigaren har plassert flatskjermen utanfor, oppe på ein Sagres-ølkasse. Vi sit spreidd ut under nokre himmelblå Nestlé-parasollar. Stemninga er avventande, pubeigaren er den ivrigaste, han gestikulerer og fektar mot flatskjermen. Eg har lyst på ei øl, men tør ikkje forstyrre han.

Ternene flyr i skumringa, og det er ei kjensle av nederlag i lufta. Portugal spelar ein god første omgang, dei har dei største sjansane og er solide i forsvar. Likevel er det som om folk rundt meg ikkje har trua, som om dei veit at Spania kjem til å vinne til slutt. Eg får meg ei øl, pubeigaren er ivrig på å komme seg ut igjen for å sjå kampen. Nede i gata har ein gut fått tak i ein vuvuzela, han bles no og då, men får ikkje tak på det.

Det er heilt stille på Helvete Snackbar då David Villa skårar. Eduardo som har spelt så bra, må gi ein retur og David Villa bankar sjanse nummer to rett opp i nettaket. Rundt meg ventar folk på at skåringa skal bli annulert eller at dommaren skal innrømme at han tabba seg ut eller at ei høgare makt skal gripe inn. Kvar er Gud når du treng han?

Så kjem mismotet sigande. Dei visste det. Dei visste det. Slik er det alltid. Det er den vegen det går. Portugal er ein underdog. Portugal er fadofotball. Portugal er melankoli og svartsinn. Fotball er noko drit. Verda er urettvis. Dei hamna i dødens pulje. Dei møtte verdas beste lag i første cuprunde. Og snart slår finanskrisa inn for fullt.

Tiago får gult kort. Misses Next Match, står det under. Portugal Misses Next Match. Der kjem det eit raudt også. Faoul! Faoul! roper dei på Helvete Snackbar. Men Ronaldo får ikkje frispark. Portugals gylne gut slår ut med armane og ser igjen ut som ein fornærma dritunge som er fråtatt snopeposen sin. Kampen er i ferd med å ebbe ut.

Den runde klokka på veggen viser 21:18 då det er over. Det er blitt mørkt i Helvete. Pubeigaren reiser seg og tar til å samle inn glas. Han slår ut med armane og smiler. Det gikk ikkje. Guten nede i gata forsøker å få liv i vuvuzelaen. Det går ikkje. Lydane minner mest om ein elefant som har gjort si siste reise og har lagt seg ned for å dø.

Eg reiser meg og betaler for ølen. Det siste eg ser då eg snur meg, er Spanias Vicente del Bosque som gir eit sigersintervju. Han smiler ikkje, men det er heller ingen som lyttar til kva han har å seie. Alle har reist seg og gått frå Helvete. Bare Nestlé-parasollane står igjen. Dei svaiar lett i den fine kveldsvinden.

Oppdagaren. Sjølvbiografi (del 3)

Mitt namn er Diego Armando Maradona. Eg har reist til Sør-Afrika som Hans Eksellense, den fjerde onkel for nabolagets kjekkaste gutar. Det skal bli vakre dagar. Det skal bli ein evig liturgi. Vi har ikkje eit sekund å miste.

I spelartunnelen rettar dei på skjortekragen min. Eg har det store slipset mitt frå Buenos Aires. Eg har den store dressen fylt med eit opent hjarte. Mexico ventar. Eg står i teknisk sone. Glad som eit barn. Rik som ein tiggar. Fri som Maradona.

Pasningane. Eg går ikkje glipp av ein einaste ein. Eg har tatt ut laget i drømme.

Mexico pressar. Eg kan rådspørje himmelen, men det finst ingen horoskop meir. Vi må jobbe hardare. Fem- eller sjutaktsmotor. Eg roper til gutane. Dei lyttar. El Diez er deira tolk og vegvisar. Eg er endelig eit instrument i balanse. Eg er elektromagnetisme.

Det første målet får vi av linjedommaren. Det andre målet får vi av Mexico. Det tredje målet får vi av Gud.

Skotet til Tevez er eit barn som blir født mens heile verda ser på. Eit kjærleiksbarn. Ei spermie som skyt opp i mors liv.

Skotet til Tevez er eit dikt han hamrar ned på ei skrivemaskin som plingar i enden av linja, tannhjula skurrar, bordet vaklar. Tevez dundrar på skrivemaskina som ei tromme, bankar ut poesi.

Messi skårar ikkje. Det uroar meg ikkje. Messi er Buenos Aires. Messi er Patagonia. Messi er Barcelona. Messi får motstandaren til å glømme vestkysten. Dei glømmer fjordane på Eldlandet. Pampasen. Plutselig løper to-tre fattige bydelar inn i sekstenmeteren.

Mexico er i ferd med å bli avretta. Dei ryggar mot fartsretninga. Heilt til Hernandez dukkar opp som ein verkebyll. Ein brann av eit mål. Ein augneblink vaklar Argentina, men vi er ikkje såra, ikkje ein gong truffe. Hurra for Hernandez.

Eg takkar Javier Aguirre for kampen. Dei seier at ein mann kan møte ein annan mann, men Maradona møter aldri ein annan Maradona.

Det finst tjukke bøker som fortel alt om Maradona. Dei fortel ingenting om Maradona. Eg held munn. Maradona vil ha Maradona for seg sjølv.

Alt eg vil seie: Eg var eit fly i ferd med å styrte. Eg var skrik. Surklande vatn. Eg var ein karavane av kvit kokain. Eg var full i 3000 mil. Men livet eg levde stod i vegen for mitt sjølvmord. Eg har dikta meg eit nytt liv, eg har klatra opp eit nytt stillas. Der oppe har eg ein luksusdass til 500 dollar.

Eg har kjøpt meg ein luksusdass for å kunne vere heilt åleine med meg sjølv. Der sit eg etter kampen med lukka auge og hjartebankande glad. Eg drømmer at Sepp Blatter og dei andre Fifa-sjefane skal løfte dassbøttene. Eg skal løfte pokalen.

Farvel, Mexico. God dag, Tyskland.

Ikkje eit VM for gamle menn

Tom Waits sa ein gong at det finst tre stadium i menneskelivet: (1) Barndom, (2) middelalder og (3) hey, looking good! Når eg ser på årets fotball-VM, slår det meg kor mange av landslagstrenarane som tilhører siste stadium: Hey, looking good!

Bestefar står i teknisk sone. Bestefar ropar og kjeftar. Bestefar jublar. Bestefar har sett seg på benken, oppgitt og resignert. Han er grå i håret, skjelvande i røysta. Snart skal han gå av med pensjonen. Denne gjengen av trenarar er eit hylekor av eldre menn.

Kanskje er fotballen siste skanse for den gamle mannsrolla? Trenaren er ein fjern og ordknapp farsfigur (Erikson, Lagerbäck). Trenaren er barsk og sterk og lukka (Dunga), han er autoritær og streng (Capello, Rehhagel). Ein loco (Bielsa). Ein dumrian (Domenech). Eller han er ein infantil bad boy (Maradona).

Gjennomsnittsalderen for landslagstrenarane i dette VM er 56 år, og det ser ikkje ut til at idéar om moderne leiarskap har nådd heilt fram til Fifa. Som tilskodar ser ein sjølvsagt bare overflata, men trenarane verkar lukka, opptatt av hierarki og kontroll, nærmast manisk analytiske og usentimentale.

Trenarane lever opp til dei mannlige stereotypiane. Sjeldan ser eller hører vi snakk om innleving, samarbeid eller mellommenneskelige relasjonar (unntaket er den totalt rørande og inkluderande Maradona). Typisk nok er fleire trenarar på solid bortebane og meistrar ikkje ein gong språket til spelargruppa.

Bør ikkje ein moderne leiar også legge vekt på sosiale og verbale evner? I fotballen verkar dette å ha hamna eit godt stykke nede på lista. Eg spurte ein gong ein kamerat som jobba hos eit norsk toppserielag, kva trenaren eigentlig skreik frå teknisk sone. Han svarte: – Vel, stort sett er det: Skår eit mål, gutar!

No kan det ikkje vere verdas enklaste jobb å leie ei gruppe av unge menn som er høge på seg sjølv, som blir dyrka lik avgudar, som tener ufattelig mykje pengar og som ser ut til å vere mest opptatt av korleis dei tar seg ut framfor spegelen. Men nettopp derfor burde gjerne fotballtrenarane ta steget inn i 2010?

Spelarmakt i dette VM har hatt form av surmulig og pinlig avmakt. Franskmennene nekta å trene, og John Terrys sololøp blei stansa av ein Fabio Capello som ikkje akkurat osar personlig sjarm eller sjølvinnsikt. Det hadde vore interessant å sjå ein forballtrenar gjøre det Marit Breivik gjorde med handballandslaget, å ansvarliggjøre kvar einskild spelar.

Kunnskap er viktig. Kompetanse er viktig. Erfaring er viktig. Ingen får til noko i livet utan dei som har gått foran. Det er ikkje nok å bare vere seg sjølv, som ein kvar deltakar på reality-tv hevdar. Er du bare deg sjølv frå den dagen du er født, overlever du rett og slett ikkje.

Ein klok mann sa ein gong: Ingen klok mann har nokon gong ønskt å vere yngre enn han faktisk er. Nokon må ta ansvar. Nokon må vise korleis ting skal gjørast. Men dette VM viser at det heller ikkje er ein tilstrekkelig eigenskap å vere gammal. Trenarane til dei laga som er gått vidare til sluttspelet, har faktisk ein gjennomsnittsalder som er fem år yngre enn dei som er slått ut.

Slike tal kan sjølvsagt bety kva som helst, men var det ikkje gamle menn som spelte gammaldags fotball med litt for gamle spelarar som rauk ut? Italia, Hellas, Frankrike og Danmark trudde at gamlisfotball var best. Det hadde funka før, det kom til å funke igjen. Vi gjør det slik vi alltid har gjort det.

Fotballen tilhører dei som er unge, oppfinnsame og nytenkande. Vokalisten i bob hund, Thomas Öberg, sa at han kjente seg fri og frank då han tok til å skrive tekstar for sitt band. Ingen venta seg noko som helst av han, alle trudde han var ein dust. Han kunne gå inn på ein bane utan mål, linjer, cornerflagg, publikum og bare sparke til ballen.

Men som Öberg sa, når han først var inne på banen, var det interessant å sjå kor høgt han kunne få ballen til å fyke. Eg trur Öberg har rett. Den trenaren som får si gruppe av spelarar til å kjenne seg frie og franke ute på banen, vil lykkast. Dei kjem til å banke ballen i nettet og heve pokalen.

Frankrikes skandale-VM, minutt for minutt

Kva skjedde eigentlig med Frankrike nede i Sør-Afrika? Så langt har vi bare fått servert overflata. Dei involverte har nekta å snakke, dei har fått munnkurv eller er blitt kalt inn på teppet hos presidenten. Alle seier at dei skal fortelje alt. Vi er imidlertid først ute med den heile og fulle sanninga om Frankrikes apokalyptiske VM. Les alt som skandalen.

Fredag 11. juni

00:30. Thierry Henry ringer opp til trenar Raymond Domenech frå sitt rom på spelarhotellet. Henry spør om han kan ta ei vinflaske frå minibaren. Fnising i bakgrunnen.

02:00. Sidney Govou og Alou Diarra lagar grøn gugge på rommet.

03:35. Brannalarmen går etter at Andre-Pierre Gignac har sovna i senga med ein tent joint i handa.

08:45. Domenech forsøker å komponere ein forsvarsfirar ut frå dagens horoskop, han vil helst ikkje spele med ein Skytte og ei Løve som midtstopparpar.

22:30. Frankrike spelar 0-0 mot Uruguay i opningskampen. I bussen tilbake til hotellet klagar Sagna på at Henry har øydelagt hovudtelefonen til ipoden hans. Henry skuldar på Gignac. Gignac seier at det var Gourcuff.

Laurdag 12. juni

01:30. Domenech blir vekt midt på natta av at dei ringer frå resepsjonen. Anelka og Henry driv og tullekjører med hotellheisen.

Måndag 14. juni

00:30. Det luktar róten kylling på heile spelarhotellet. Patrice Evra har glømt å ta ut kyllingfiletane som han brukar å ha i fotballskorne, fordi han meiner dei bringer lykke. Domenech seier at kylling i skorne kan hjelpe ein Steinbukk, men ikkje ein Tyr som Evra.

02:30. Frank Ribery har tinga to luksusprostituerte og baksar med å få dei opp branntrappa på hotellet. Dei har ein avtale med Gouvou som skal ta imot dei. Dessverre bankar dei på feil vindauge og hamnar hos assistenttrenaren.

Torsdag 17. juni

21:20. 0-0. Pause i kampen mot Mexico. I garderoben vender Domenech seg mot Anelka og spør om han veit kor mange minutt han no har spelt på landslaget utan å skåre. Anelka svarar ikkje. 429 minutt! seier Domenech. Han ser seg rundt. 429 minutt! Veit du kor mange skodespel av Beckett det går an å lese på 429 minutt? Gå og ta deg ein ronk, din horeson! seier Anelka.

22:30. Sjokktap 0-2. På spelarbussen tilbake til basen klagar Ribery på at Gallas har tatt ipoden hans. Gallas seier at Sagna tok hans. Sagna seier at Gignac stal hans ipod og helte grøn gugge på han.

Laurdag 19. juni

11:30. Den franske fotballpresidenten, Jean-Pierre Escalettes, ringer Anelka på mobilen og spør om han ikkje har tenkt å be om orsak for sin fæle munnbruk. Anelka spør om Escalettes veit kva klokka er, dei har ikkje kamp i dag og han vil sove.

11.35. Fotballpresidenten ringer opp igjen, Han spør om ikkje Anelka kan seie orsak, bare eit lite orsak, altså, versåversåsnill … Anelka gryntar og kastar mobilen i veggen.

15:30. Nicolas Anelka blir sendt heim frå VM. Raymond Domenech nyttar heile dagen til å sitje åleine oppe på hotellrommet for å skrive vidare på sitt postmoderne, Beckett-inspirerte teaterstykke, Og aldri skal vi skiljast.

Søndag 20. juni

08:45. I løpet av natta har spelarane vore samla for å skrive ei felleserklæring. Så langt har dei to setningar. Ved frukosten spør dei om Domenech kan lese gjennom for å rette opp eventuelle skrivefeil. Han får eit ark med denne teksten i handa: Vill isje spille meir fotbal. Raimånn dumm.

12:00. Treningsnekt. For eit rekordstort pressekorps leser Domenech opp erklæringa som han sjølv har forsøkt å freshe litt opp. Smiler for seg sjølv. Han synest i grunnen at det blei ein ganske fin tekst.

12:15. Kondisjonstrenar Duverne hamnar nesten i slåsskamp med Patrice Evra. Duverne kastar fløyta si over banen. Spelarane går i bussen for å surmule litt. Ipoden til Hugo Lloris er vekke.

19:00. Delegasjonssjef Jean-Louis Valentin trekker seg, han vil ikkje meir. Han går ut frå hotellet i bare undikken, han går ned i gata og tar til å haike heim til Paris.

20:45. Den franske presidenten ringer Domenech på mobilen og spør om han skal sende ned nokre nakenbilde av landets førstedame, Carla Bruni, for å muntre opp heile troppen. Kona kan eventuelt også komme til Sør-Afrika for å halde ein konsert for landslaget. Domenech avslår og legg på.

20:50. Sarkozy ringer tilbake til Domenech: – Heiv du på? Synest du ikkje at Carla er sexy? Hæ? Hæ? Anelka har heilt rett. Du er ein helvetes horeson!

Måndag 21. juni

01:20. Legen i den franske troppen blir i all hast tilkalt til Frank Riberys rom. Ribery har forsøkt å stappe ein vuvuzela opp i endetarmen.

Tysdag 22. juni

12:30. Domenech ringer Snåsamannen som tar ut dagens lag. Henry, Evra og Govou hamnar på benken. Snåsamannen veljer Diarra som ny kaptein. Domenech noterer seg at Snåsamannen meiner at dei bør spele 4-4-2 med Malouda som hengande spiss.

17:50. Nytt sjokktap. Domenech nektar å ta Sør-Afrikas trenar, Carlos Alberto Parreira, i handa etter kampen. Domenech seier at det kun skuldast at det er velkjent i fotballkrinsar at Parreira har dårlig handhygiene, og at han sjølv er redd for infeksjonar og sjukdomsutbrot. I spelarbussen tilbake til hotellet får Toulalan tak i ipoden til Gallas. Han kastar ipoden ut vindauget. VM er over for Les Bleus. Ei heil verd pustar letta ut.

Au revoir, Raymond

Så var det over. Eitt poeng. Eitt mål. 1,5 målsjanse. Krangling. Sutring. Rot. Rør. Les Bleus er på veg heim, og Raymond Domenechs altfor lange trenarkarriere er endelig over. Han vil bli djupt sakna. Har vi nokon gong hatt ein landslagstrenar som er astrolog, sexobjekt og dramatikar? Har vi nokon gong hatt ein meir massivt inkompetent og forvirra landslagstrenar? Nei, det har vi ikkje. Farvel, Raymond. Her er din song:

Somme blir født i kløvereng

Men det er dei utvalde få

Og kløveren er alltid grøn

For meg var det aldri nokon bøn

Eg var født til å vere blå

Då eg tok over Les Bleus

var mi verd lys og kvit

Og no? Jo, takk som spør!

Her er krangel og spelaropprør

Her er bannskap og all slags drit

No er verda mi bare blå

For når Skytten er ascendant med Tyren

Spelar franskmennene så som så

Og ingen i verda hører mitt såre hulk

Kvar natt drømmer eg om Le Sulk

Eg var født til å vere blå

Eg er heldig, vil nok folk flest si

Eg har trent Zidane og Ribery

Eg har spelt for Paris og for Bordeux

Men no lét heile verda seg more

Over den gråhåra sonen av ei hore

Eg var født til å vere blå

Vi rauk ut nesten utan å ha skåra

Sjå på dei franske froskelåra

Henry juksa oss hit, og så fikk vi svi

Vi såra til og med Nicolas Sarkozy

Eg er ein astrolog som ikkje kan spå

No er verda mi bare blå

Kva står det i tarotkorta

Om korleis dette skal gå?

Jo, 2011 blir eit år fullt av kyss og smil

Eg skal ta over for Dunga og trene Brasil

Ærlig talt, også Domenech har sine tvil

For eg er født til å vere blå

Jabulani-panikk på gatene i Johannesburg

Kva er no dette? Spelarane ser ut til å ha fått kontroll på VM-ballen, dei bøttar inn med mål, keeperane har slutta å dumme seg ut, og dette liknar mistenkelig på fotball igjen. Fifa er samla til krisemøte, kva skal dei gjøre? Skal dei endre på ballen midt i turneringa? Ballen som vingla så vedunderlig gjennom lufta, han flakka som ein utakknemlig tenåring.

Nei, dette går ikkje. Fifa er livredde no, første del av turneringa gikk heilt etter planen. Alle har diskutert ballen. Det har vore for og imot. Det eine Jabulani-offeret etter det andre har stått fram med si historie. I tillegg har Fifa fått ei hjelpande hand frå det franske landslaget med sin eminente trenar og sine sjarmerande spelarar.

Alt under kontroll. Men no verkar ikkje den helsikes Jabulani-ballen lenger som perfekt avleiingsmanøver. Med rundt 200.000 journalistar i Sør-Afrika, er det bare eit tidsspørsmål før ein eller annan dust kjem på å skrive kritisk om Fifa. Om bonusar, skakkjørt økonomi, tvilsame bodrundar, stemmetrigging og oppumpa rekneskap.

Hemmelig videokonferanse med forskarane frå Loughborough University i England: Kva kan vi gjøre for å få ballen til å flakke endå meir? Kan vi putte noko drit inn i kvar ball slik at han går skikkelig skeivt? Er det mulig å lage ein meir oval ball slik at han blir heilt spinnvill og Fabiano igjen tar til å snakke om den forheksa ballen i staden for å skåre?

Aaa, så irriterande. Kva med ein ball som tenker sjølv? Kva med ein usynlig ball som keeperane ikkje ser? Kva med ein ball som er firkanta? Nei, det er jo sant, firkanta ball skal vi introdusere i Brasil i 2014. Nei, det vi gjorde feil, var at laga fikk spele altfor lenge med Jabulani før VM. No har dei tatt teikninga.

Neste gong presenterer vi den offisielle VM-ballen rett før nasjonalsongane, slik at alle laga blir heilt forvirra. Ein ny ball for kvar kamp. Ein firkanta ball, ein sekskanta, ein avlang, ein som liknar nasen til Sepp Blatter. Ja, det er moro! Kva med å lage ein veldig ujamn bane? Det også er moro! Eller få dommarane til å takle spelarane? Kjempeidé!

Men kva gjør vi no? Har vi ingen plan B? Har nokon nummeret til Raymond Domenech? Det er han vi må stole på no. Frankrike spelar i morgon. Flott. Då er vi redda i morgon i alle fall. Du kan alltid stole på Domenech. Ring og be Domenech koke saman nokre overskrifter. Så finn vi på noko djevelskap med ballen. Kva med å pumpe bare litt luft i?